Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane » Søknadstips

Søknadstips

Korleis skrive ein god søknad?

Din ide er alltid det viktigaste, og vi vil alltid sjå meir på sjølve tiltaket og formåla med det, enn kor flink du er til å skrive ein søknad. Men å leggje ned litt arbeid i søknaden kan likevel vere ei god investering for å få tydeleg fram dei gode sidene ved tiltaket du ønskjer å gjennomføre. Difor har vi lagt ut nokre tips til korleis du enkelt kan utforme ein god søknad til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Dei fleste av desse tipsa vilòg vere nyttige om du ønskjer å søkje støtte frå andre stader enn oss.

Vi er elles så heldige å bo i eit land med hundrevis av fond, stipend og legater, samstundes som det er ei rekkje offentlege instansar som kan tenkjast å gje støtte til gode føremål. Vi oppmodar difor alle til å setje seg inn i kva støtteordningar som finst for den aktiviteten som du driv med, og nytte dei moglegheitene som er nasjonalt. Vi har difor satt inn nokre linkar nedst på denne sida til oversiktar over andre støtteordningar som du kanskje kan få støtte frå. Du vinn i alle fall aldri om du ikkje kjøper lodd…!

Så over til korleis sjølve søknaden bør sjå ut: ein (god) søknad består vanlegvis av tre deler: søknadsskjema, presentasjon av prosjektet/søkjaren og budsjett. Vi ser på desse delene kvar for seg:

Søknadsskjemaet

Dei fleste støtteordningar har eit søknadsskjema som ein finn på nettsida deira. Nokre kan lastast ned og fyllast ut for hand; andre (som vårt) vert fylt ut rett på nettsida. Det som er lurt å notere seg ut frå skjemaet, er at dei som oftast bed om opplysningane i den rekkefølgja som sakshandsamaren ønskjer dei – det kan difor vere lurt å behalde same rekkefølgja i presentasjonen din (sjå nedanfor).

Elles kan det vere greitt å prøve å fylle ut noko i alle felta, sjølv om dei ikkje er obligatoriske. Hugs at føremålet med skjemaet er å gje eit best mogleg bilete av søkjaren og prosjektet slik at ein tar den rette avgjerda. Vi tilrår òg at du sjekkar vilkåra for å få støtte for å vere sikker på at ditt tiltak er innafor kriteria (dei fleste gjer som oss, og skriv noko om dette på nettsida; i tillegg kan det vere lurt å sjå litt på vedtekter, føremålsparagraf og/eller sida “om oss” til dei du søkjer om støtte).

PS dei fleste skjema er laga for at søknadshandsamaren skal få eit oversyn av saka di – så eit godt tips er å halde det kort på søknadsskjemaet, sjølv om det (som hos oss) er mogleg å skrive inn “uendeleg” med tekst. Har du mykje på hjartet, er det betre å spare dette til (slutten av) presentasjonen som du legg ved søknaden, sjå nedanfor.

Presentasjon av prosjekt og/eller søkjaren

Sjølv om det ikkje er bede om det, er det ofte lurt å lage ein presentasjon av tiltaket og/eller søkjaren som ein legg ved søknaden, anten som eit eige vedlegg eller i same dokumentet som budsjettet. Har du ikkje skrive ein slik presentasjon før? Klikk her for å sjå ein mal til ei prosjektskildring

Som tommelfingerregel er det dette sakshandsamaren vil vite FØR ho/han kan vurdere søknaden din (og i denne rekkefølgja): kven er/representerer du? Kva vil du ha pengar til? (hald det kort i første omgang! maks tre-fire liner) Kor mykje vil du ha? Og kor mykje er totalbudsjettet til prosjektet? Først etter at desse tinga er klarlagt, er det tid for å skrive meir utfyllande om tiltaket, kven som er hovudmålgruppa og kor mange brukarar som vil nyte godt av tiltaket, kva de ønskjer å oppnå og kvifor dette er eit viktig tilbod osb. Får du med litt om kva andre tilbod som (evt ikkje) finst i regionen på dette feltet, og/eller kva som vil vere konsekvensen for brukarane av at ein IKKJE får støtte, så er dette eit pluss. For Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane vil det òg vere interessant å sjå på effekten over tid, sidan vi prioriterer tiltak med langvarig verdi.

Hugs òg at det ikkje er slik at det er tiltak med flest brukarar som får mest penger i gåve. Eit tiltak som berre omfatte nokre få brukarar, kan sjølvsagt godt vere vel så viktig.

Sparebankstiftinga bed om at du lastar opp alle vedlegg til nettsida vår samstundes med at du sender inn søknaden. Difor kan det vere lurt å lage alle vedlegga klar før du byrjar å fylle ut skjemaet. Denne løysinga gjer søknadshandsaminga enklare for oss, men tyder at vi har ei grense på 10 MB pr vedlegg. Dette burde vere romsleg for dei aller fleste, men hugs å sjekke at du er under grensa før du startar innsendinga. Det er alltids kjekt med bilete og fin layout, men det er ikkje dette som er avgjerande for om de får støtte eller kor mykje de evt. får.

Budsjettet

Vi tilrår at du alltid set opp eit budsjett som du legg ved søknaden – sjølv om budsjettet berre vert på to-tre liner (dette gjeld òg i dei tilfella der ein ber om budsjettopplysningar på sjølve søknadsskjemaet). Her i Sparebankstiftinga KREVJER vi at du legg ved budsjett; så viss du ikkje legg dette ved – er det kanskje grunn nok åleine til at du får avslag!

Det er ikkje nokon målsetting å ha budsjettet så detaljert som mogleg, men det er viktig at det vert forståeleg korleis du har tenkt å disponere pengane dine. Minimumskrav til eit budsjett er at det inneheld ei oversikt over både utgiftene og inntektene for tiltaket du søkjer om gåve til. Gjeld søknaden din støtte til drift av eit lag/ ein forening, nyttar du årsbudsjettet til foreninga (merk: Sparebankstiftinga prioriterer normalt ikkje driftsstøtte; så vi henviser til “forenkla søknad” om søknaden gjeld rein driftsstøtte).

I budsjettet er det eit særskilt høve vi alltid ser etter; og det er høvet mellom søknadssummen og det totale budsjettet. Det finst ikkje noko klart svar på kva høve som er det rette, men dei fleste støtteordningar er ikkje så glade i å “betale heile gildet” – så søknadssummen bør kanskje ikkje vere identisk med dei totale utgiftene, med mindre det er særskilte høve som forklarar dette.

Men hugs at frivillig innsats òg er ein ressurs som det kan vere greitt å synleggjere i budsjettet! Det kan du til dømes gjere slik:

Lat oss for letthets skuld seie at eit lag legg ned 100 arbeidstimar, med utgangspunkt i ein timepris i budsjettet på 100 kr pr time. Då kan du føre opp “arbeidstimar” som ein kostnad i budsjettet på 10.000 kroner. Så skriv du inn ein “inntektspost” som du kallar “dugnadsinnsats” på 10.000 kroner (ein kan òg gjerne forklare desse to postane med ein fotnote, for å understreke samanhangen). Om ein no søkjer om ei gåve på 10.000 kroner, vert ikkje søknadssummen lenger på 100% av budsjettet, men på 50%. Samstundes gir du oss eit innsyn i kor mykje dugnad søkjaren legg ned – som er svært god informasjon for oss (og andre) å ha når ein skal vurdere søknaden. Og det skulle jo berre mangle at dugnadsinnsats tel positivt for ein søknad!

 

Dersom budsjettet endar opp med eit minus som de må søkje om støtte frå fleire partar for å få til å gå opp, tilrår vi at du i tillegg set opp ein finansieringsplan under sjølve budsjettet. Her skriv du opp alle partane du har søkt om penger, og alle dei du har tenkt å søkje om til dette tiltaket. Det er ikkje naudsynt at du allereie har sendt søknadane for å skrive dei inn i finansieringsplanen; det viktige i denne samanhangen er at du viser oss korleis DU har tenkt å finansiere tiltaket ditt. Men dersom du allereie har fått ja til noko støtte frå nokon andre, er det veldig bra om du skriv i finansieringsplanen at denne søknaden allereie er innvilga – dette vil vere eit stort pluss for dei fleste.

Last ned eit døme på eit enkelt budsjett her

Har du spørsmål eller tips til denne sida, så send oss ein mail på post(at)sparebankstiftinga.no – så vil vi utvide og utvikle søknadstipsa etter kvart. Sparebankstiftinga held òg kurs i søknadsskriving som du kan bestille på same epost-adressa. Planlagde kurs vert òg annonsert her på sidene våre.

 

Andre stader å søkje støtte

Her er nokre andre nettsider kor du kan finne oversiktar over hundrevis av støtteordningar:

Kultur:

www.legathandboken.no

http://www.norskkulturrad.no/s%c3%b8k-st%c3%b8tte/

http://www.kulturcash.no/

http://www.musikk.no/musikk/stotteordninger/

http://www.musikkguiden.no/default.aspx?view=search&search=Legat/stipend/st%C3%B8tte

http://legatsiden.no/

http://www.mic.no/nmi.nsf/micdoc/art2003021014285041517509

Idrett: kontakt idrettskonsulenten i fylket ditt; sjå oversikt over idrettskonsulentane her:

http://www.regjeringen.no/nb/dep/kkd/Tema/Idrett/Fylkenes-idrettskonsulenter.html?id=86922

Næring/ kulturnæring:

http://www.innovasjonnorge.no/

Internasjonalt samarbeid:

Nora (Nordisk atlantersamarbeid): http://www.nora.fo/index.php?pid=262 (med veldig god guide til prosjektstøtte)

Eu-midler: http://ec.europa.eu/budget/library/biblio/publications/funds_rules/pack_rules_funds_sv.pdf