Søk om mindre pengar raskt

Frå 1. mars 2012 innførte vi “Forenkla søknad” for deg som treng mindre beløp raskt. Desse pengane kan du søkje om heile året, og forenkla søknadar skal normalt få svar innan fire veker. Du kan nytte forenkla søknad på beløp opp til 10.000 kroner. Vil du søkje om meir, må du fylle ut ein fullstendig søknad til søknadsfristane 1. mars og 1. september som før. Dersom du vil søkje om støtte til ordinær drift av ei foreining eller eit tiltak, må du òg nytte forenkla søknad. Det vil òg seie at vi normalt ikkje gir meir enn 10.000 kroner til ordinær drift (jamfør kriterier for gåvetildeling).

Uansett om du vil nytte forenkla eller fullstendig søknad, søkjer du via søknadsskjemaet i menyen til venstre. Du vil då få valet mellom fullstendig eller forenkla søknad etter at du har logga deg inn. (Du kan endre mellom forenkla og fullstendig søknad gjennom heile søknadsprosessen.)

Forenkla søknadar krevjer dessutan berre eitt vedlegg (men du kan framleis leggje ved fleire vedlegg viss du vil).