Årets kultur-ide 2012

I samarbeid med NRK Sogn og Fjordane lanserer Sparebankstiftinga “Årets kultur-ide 2012”. Med dette vil vi sette fokus på ei gruppe som altfor sjeldan vert trekt fram i lyset; eldsjelene som står bak alle arrangementa til glede for svært mange menneske rundt omkring i fylket vårt.


NRK Sogn og Fjordane har vore flinke til å trekkje fram lokale musikarar. No kjem turen til arrangørane.

“Årets kultur-ide 2012” inviterer deg med ein god ide til eit kulturarrangement til å søkje. Ein jury vil plukke ut eit “finaleheat” av idear kor publikum kan stemme fram det arrangementet som dei synst skal få 100.000 i gåve frå Sparebankstiftinga. Juryen og publikum sine stemmar vert vekta likt i den endelege avgjerda.

Både eksisterande arrangement og idear til nye kulturtiltak kan søkje. Ingen sjangrar eller kategoriar arrangement er ekskludert, men sidan prosjektet er i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane vil venteleg t.d. idrettsarrangement ikkje vere det som vert trekt fram i denne samanhangen (viss dei då ikkje skil seg ut med originalitet og nytenking ut over «vanlege» idrettsarrangement..!). MEN sjølv om juryen no får plukke ut sine favorittar til “finaleheatet” – så vert ALLE som søkjer vurderte for gåver frå Sparebankstiftinga. Dermed kan prosjektet gje langt fleire “vinnarar” enn den som vert stemt fram gjennom “Årets kultur-ide 2012”!

I tillegg vil alle dei som vert plukka ut få brei omtale på NRK Sogn og Fjordane og nettsidene deira www.nrk.no/sfj – og alle arrangørar veit at mediaomtale aleine er gull verdt for eit arrangement, så her er det mange som vil få noko ut av konseptet sjølv om det er ein som til slutt vert framheva og utropt til Årets kultur-ide 2012.

Årets kultur-ide 2012 vert annonsert på ei finale-sending som vert sendt live på NRK Sogn og Fjordane frå Balejazz 2012.

Dersom du ønskjer å delta, så send oss ein kortfatta søknad. Søknaden bør innehalde:

– kven som søkjer (hugs telefon og epost til den som er ansvarleg for søknaden)

– kort om ideen/prosjektet (kva, når, kvifor og for kven)

– budsjettert totalsum for ideen/prosjektet

Send søknaden til kulturide@nrk.no med “årets kulturide 2012” i emnefeltet innan 1. mars 2012.