Kurs i søknadsskriving i Florø 17. april

Til Sparebankstiftinga – og vonaleg foreningane – si store glede, er det fortsatt stor interesse for kurset i søknadsskriving. Neste kurs i rekkja er planlagt på Flora Ungdomsskule tysdag 17. april klokka 1800-2100.

Kurset i søknadsskriving er eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga og fylkeskommunen, og som tidlegare meldt var det formidabel interesse for dei kursa vi heldt i Førde og Måløy. Til saman heile 150 kursdeltakarar deltok på desse kursa, og tilbakemeldingane frå deltakarane har vore svært positive. Dei melder at innhaldet på kursa var både konkret og matnyttig i høve til å forstå korleis søknadar blir vurdert av både Sparebankstiftinga, fylkeskommunen og andre søknadsinstansar. Mange av deltakarane trur òg dei vil skrive både fleire og betre søknadar i framtida.

Kurset er samansett av to delar: del ein er eit innføringskurs i korleis ein god søknad bør sjå ut. Denne delen er det kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som står for. Del to vert leia av Trond Ueland i fylkeskommunen, og er i hovudsak mynta på dei som har ein god men krevjande prosjekt-idé. Denne kursbolken fokuserer på korleis ein skal skildre denne på ein best mogleg måte.

Det er Redningsselskapet i Sogn og Fjordane som er lokal kursarrangør i Florø. Dersom du ønskjer å delta på kurset på Flora Ungdomsskule kl. 1800-2100 tysdag 17. april, sender du ein påmelding til Martin.Igland.Malkenes@redningsselskapet.no. Kurset er gratis.

Alle frivillege lag og organisasjonar kan elles tinge kurs frå Sparebankstiftinga. Vi føreset at lokal arrangør stiller med eigna kurslokale m/straum. Kursa er elles gratis for den lokale arrangøren, og kan tingast på post@sparebankstiftinga.no