632 søknadar til stiftinga – og 35 søkjarar til “Årets kultur-idé”!

Søknadsfristen på Sparebankstiftinga (fullstendig søknad) er no gått ut, og vi har fått inn heile 632 søknadar. I tillegg kom det 35 søknadar til konkurransen “Årets kultur-idé” som vi arrangerer i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane. No byrjar den vanskelege jobben!

Den første søknadsfristen for året er altså passert, men det er som kjent framleis mogleg å søkje på “forenkla søknad” (med søknadsbeløp under 10.000 kroner). Og det er det tydelegvis mange som har oppfatta, for det renn fortsatt inn med søknadar (klikk her for å gå til søknadsskjemaet).

No byrjar jobben med å vurdere kven som skal få gåver frå stiftinga og ikkje, og det er ingen enkel jobb! Difor vil stiftinga rådføre seg med både ekspertar på dei ulike fagområda og lokale gåvenemnder som kjenner dei ulike regionane i fylket vårt svært godt. Og med ei slik saksmengd ber vi om forståing for at dette arbeidet vil ta noko tid å gjere på ein grundig og skikkelig måte – difor vil det gå opp mot to månader før ein kan vente svar på søknaden (og ein månad for “forenkla søknad”).

Vi synst òg det var utruleg kjekt at heile 35 av søkjarane valde å søkje gåvemidlar via vårt samarbeidsprosjekt med NRK, som vi har kalla “Årets kultur-idé”. Desse søkjarane tevlar om ei gåve på heile 100.000 kroner til gjennomføring av prosjektet sitt, og her finn ein mange av dei mest nyskapande prosjekt-ideane. Prosjektet “Årets kultur-idé” vil utkåre eit “finaleheat” på 10 av kandidatane, som blir vurdert i full openheit på NRK Sogn og Fjordane i beste sendetid. Og så vil altså ein av kandidatane få ein sjekk på 100.000 blanke kroner utdelt på Balejazz fredag 11. mai 2012.

Les meir om “Årets kultur-idé” her

Men kva med dei 34 andre kandidatane til “Årets kultur-idé”? Jo, dei tek vi med i den ordinære gåvetildelinga, slik at sjansen er like stor for utteljing ved å søkje via “Årets kultur-idé” som gjennom søknadsskjemaet her på våre sider. Så om det ikkje vert ein sjekk på Balejazz, kan det hende det blir gåve til prosjektet likevel…

Gåvene til dei som har søkt “forenkla søknad” (under 10.000 kroner) vert annonsert på desse sidene frå ca. 1. april. (Har de søkt seinare enn 1. mars, vil det sjølvsagt annonserast seinare; ca. 4 veker etter at du sendte søknaden)

Gåvene til dei som har søkt “fullstendig søknad” vert annonsert på desse sidene frå ca. 1. mai.

…og dei som har søkt “årets kultur-idé” – får høyre på NRK Sogn og Fjordane…