Sogn og Fjordane får sitt eige musikkfond!

Sparebankstiftinga støtta i vår musikkorganisasjonen Brak med 300.000 kroner. Til vår store glede har dei brukt midlane til å opprette eit musikkfond som skal støtte utøvande musikarar og arrangørar i Sogn og Fjordane.

Brak er ein interesseorganisasjon for musikarar og arrangørar i Hordaland og Sogn og Fjordane, og det var i tildelingsrunda no i vår at musikkorganisasjonen Brak fekk ei gåve på 300.000 kroner frå Sparebankstiftinga til sitt arbeid i Sogn og Fjordane. I dag slapp dei nyhenda om at gåva går i sin heilskap til å stimulere musikklivet i fylket; både til artistar og arrangørar.

Fondet, som har fått namnet Sogn og Fjordane Musikkfond, er sjangeruavhengig og har som mål å bidra til profesjonalisering og aktivitet, samt å stimulera til at ein kan halda på med musikk med adresse i Sogn og Fjordane. Brak håpar på fleire bidragsytarar til fondet på sikt, og målsettinga er at fondet skal disponera 500 000 søkbare kroner i årleg.

Sparebankstiftinga hadde ikkje føringar i si gåve om at pengane skulle nyttast til eit slikt fond, men synst sjølvsagt det er svært gledeleg og raust av Brak at dei veljer å gi kvar krone av gåva vidare til dei som skapar og/eller presenterer musikk i fylket vårt.

Sjå nyheiten om fondet her på Brak sine heimesider

For å gå rett til Sogn og Fjordane Musikkfond og søkje på desse midlane, kan du klikke her.