Bli med på Eldsjelsamling!

Sparebankstiftinga gjer stas på eldsjelene i fylket på Skei 28. august – og DU er invitert!

Eldsjelsamlinga er eit arrangement som vart initiert av Sparebanken Sogn og Fjordane i 2010, og arrangementet vert i år vidareført av Sparebankstiftinga. Eldsjelsamlinga er vår måte å gje noko tilbake til alle dykk som driv frivillig arbeid for andre i fylket vårt, og er ein arena for nettverksbygging, inspirasjon og fagleg påfyll.

Årets Eldsjelsamling vert arrangert på Skei hotell tysdag 28. august frå kl. 1800-2130, og er gratis. Til årets Eldsjelsamling er vi stolte over å ha fått med oss Karina Hollekim – basehopparen og grensesprengaren som ville vere fri som fuglen. Du kjem også til å få møte eldsjela Rolf Navarsete som veit å gjere det umoglege mogleg, og sponsor-guru Hans Mathias Thjømøe. Vi gler oss òg til spanande og ikkje minst kortreiste musikalske innslag av gitaristane Dag Håheim og Thomas Melheim, og felespelar Erlend Apneseth med Mathias Monsen på cello.

Sjå http://meirennbank.no/eldsjel for praktisk info og påmelding. Og voner vi sjåast på Skei 28. august!