Svar på “fullstendig søknad” kjem 9. november 2012

Svar på haust-søknadane i kategori “fullstendig søknad” blir ei veke seinare enn vanleg; det kjem i eposten din og på denne sida fredag 9. november.

Søknadsfristen 1. september for “fullstendig søknad” nærmar seg med stormskritt, og neste naturlege spørsmål er sjølvsagt “når får vi svar?” Og svar på ALLE søknadane i haust-runden kjem altså fredag 9. november.

“Kvar finn ein svaret på søknaden?”

Du får svar på søknaden på epost, til den epostadressa du nytta når du logga inn i søknadsportalen. Oversikt over alle gåvetildelingar finn du dessutan på sida “Tildelte gåver” her på websida frå same dato.

Nytt i haust er at vi òg sender svar på søknaden til den adressa som er oppført som “alternativ epost for søknaden” i søknadsskjemaet. Vi har nemleg lært oss at einskilde epost-leverandørar har strenge sikkerheits-innstillingar, og godtek ikkje mail frå vårt elles så effektive søknadshandteringssystem. (men skal dette fungere, må du altså ikkje skrive inn di eiga epostadresse ein gong til i rubrikken “alternativ epost”…)

Og finn du ikkje ut av det via nokre av desse kjeldene, er det sjølvsagt berre å slå på tråden til oss i administrasjonen etter 9. november!

“Kvifor tek det så lang tid?”

Vi har fått nokon tilbakemeldingar på at einskilde meiner åtte-ni veker er lenge å vente på svar på søknaden. Dette har vi forståing for (og det er nettopp difor vi har innført kategorien “forenkla søknad”, kor vi lover svar innan fire veker og du kan søkje fortløpande, heile året). Men for at gåvetildelinga skal vere mest mogleg rettferdig og fagleg forsvarleg, nyttar vi desse vekene til å forhøyre oss med folk med fagkompetanse frå ulike felt, og folk med lokalkunnskap frå heile fylket. Einskilde av søknadane vil vi kanskje òg sjekke opp mot tidlegare tildelingar, eller andre referansar. I tillegg vil vi sjå korleis tildelingane fordeler seg på dei ulike geografiske regionane, og på ulike aktivitetsområde. Så det tek nok denne tida å gjere ein grundig jobb med gåvetildelingane.