250 søknadar om 26,5 millionar i haustrunden

Årets siste søknadsfrist for kategori “fullstendig søknad” er passert, og søknadane vi har fått inn syner eit svært høgt nivå på allmennyttige tiltak i fylket.

Lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane fylke held eit imponerande aktivitetsnivå også i 2012, noko søknadane vi hadde registrert til søknadsfristen 1. september er eit godt prov på. Og det er heller ikkje mykje å utsetje på evne og vilje til offensiv planlegging i det vidare arbeidet.

Måndagen etter søknadsfristen låg det kring 250 søknadar og venta på oss, og den samla søknadssummen var rett oppunder 26,5 millionar. No byrjar den vanskelege jobben med å plukke ut kven av desse mange gode søknadane som skal få gåvemidlar – og med “berre” kring 3 millionar att av årets gåvemidlar, seier det seg sjølv at dette blir ei tøff oppgåve… Sparebankstiftinga gjer difor ei grundig vurdering av alle dei innkomne søknadane. Vi forhøyrer oss både med folk med stor lokalkunnskap, med fagfolk på ulike område, og med interesseorganisasjonar på fylkesplan eller på nasjonalt nivå. Det viktigaste for oss er at gåvene går til lag og/eller tiltak som har stort behov for pengane, og som utløyser entusiasme og aktivitet i sitt lokalmiljø.

Svar på søknadane i kategori “fullstendig søknad” vert sendt ut til søkjarane 9. november (og her på våre nettsider seinare same dag).

Men vi minner om at det òg er mogleg å søkje om inntil 10.000 kroner i kategori “forenkla søknad” når som helst heile året, kor du får svar innan fire veker.

Stadig betre søknadar

Sparebankstiftinga har tatt til orde for å stimulere både fleire og betre søknadar; dels for at vurderingsgrunnlaget i søknadane hit til oss skal bli betre – men òg for å stimulere at lag og foreiningar i fylket søkjer oftare på dei mange andre støtteordningane her i landet. Mellom anna har vi lagt ut nokre søknadstips her på nettsida, og halde gratis søknadskurs, som over 350 brukarar i 10 kommunar har gjennomført til no. Og kursa fungerer veldig bra; vi ser at kvaliteten på søknadane har løfta seg – så vi voner at flest mogleg bruker kunnskapen og sjekkar andre støtteordningar og finansieringskjelder i tida framover.

Og hugs at det berre er å ta kontakt med kultursjef Pål Fidjestøl for å tinge gratis søknadskurs til din heimkommune.