Barn teiknar Førde sentrum!

No kan barn opp til 7. klasse vere med og forme eit byrom i Førde. Sparebankstiftinga har ansvar for å omsetje ein av barneteikningane til ferdig installasjon – i full storleik.

Det var no måndag 10. september at Sparebankstiftinga, Førde kommune og Firda saman lanserte prosjektet “Barnegåva”. Førde kommune stiller med tomt i parken ved Utstillingsplassen i Førde sentrum, og Firda kringkastar den glade bodskapen og publiserer samtlige teikningar dei får inn på firda.no (samt eit utval i papiravisa) – medan Sparebankstiftinga tar ansvaret for å utvikle ei vinnar-teikning til ein ferdig installasjon i full storleik, anten barna vil ha ein skulptur, eit leikeapparat, ein parkbenk – eller noko anna. Og Firda sine lesarar stemmer fram vinnaren på firda.no.

Vil du vere med og sende inn forslag? Les om saka og korleis du deltar her.

Det var eit liknande prosjekt i Fredrikstad som utløyste prosjektet; her vart barna invitert til å teikne ein ny parkbenk. Eitt av forslaga såg slik ut:

Etter at lokale designarar og handverkarar hadde klødd seg i hovudet, teikna og snekra i nokre månader, blei så den ferdige benken satt ut i ein park i Fredrikstad, og er no ein svært populær attraksjon blant barn i byen.

Denne gongen er ikkje invitasjonen avgrensa til berre ein parkbenk; vi går litt opnare ut og vil høyre (og sjå!) frå ungane sjølve kva attraksjon dei ønskjer i Førde sentrum. Men målsettinga er jo at installasjonen skal bli (minst) like populær i målgruppa som østfoldingane sin.

Seriøse undertonar

Sparebankstiftinga synst jo som Firda og Førde kommune at dette er eit prosjekt som er svært morosamt å vere med på. Men prosjektet har samstundes nokre seriøse intensjonar. Mellom anna å inkludere barna i tenkninga omkring korleis vi utsmykker dei offentlege romma våre. Det er trass alt dei som skal vakse opp der, og viss vi vaksne gjer jobben vår riktig, vil dei både trivst og kjenne eigarskap til heimstaden sin. Og kanskje kan dette ein dag vere ein av mange gode grunnar til at dei tenkjer at dette er staden deira eigne born skal vakse opp..?

 Frist for å sende inn teikning er måndag 15. oktober.