Årets gründer heiter Highsoft Solutions AS

Torsdag 1. november vart vinnaren på vår konkurranse “Årets Gründeride 2012” kåra “live” på NRK Sogn og Fjordane, frå scena på Temposeminaret. Og fylket sin eigen Reodor Felgen vart ein friluftsmann som eigentleg berre skulle vise snømengda på Vikafjellet.

Det var nemleg dette som ein gong for nokre år sidan var utgangspunktet for idemakar Torstein Hønsi. Problemet hans var at det ikkje fanst nokon passande dataprogram til å vise snømengda på ein passande måte. Difor måtte han lage det sjølv. Så viste det seg at programmet lett kunne brukast til å vise andre ting, som børs-kursar og salsutvikling. Difor vart det ein arbeidsplass av hobbyen.

Etter nokre år vart så Highsoft Solutions AS skipa, som i sitt første rekneskapsår kan vise til seks (snart sju) tilsette, eit overskot på 8,5 MNOK og ei kundeliste som m.a. inkluderer over halvparten av selskapa på “Fortune 100”-lista, dvs. dei hundre største selskapa i verda.

Sjå òg Meirennbank.no: Vakkert Framtidsbilde


Glade vinnarar (men denne «grafikken» var det vi som laga…)

Men sjølv med denne ekte “askeladd-historia” var faktisk ikkje Highsoft Solutions nokon sjølvskriven vinnar. Juryen i konkurransen Årets Gründeride fekk nemleg inn heile 31 gode kandidatar til den gjeve tittelen og 100.000 blanke kroner på kjøpet. Juryen, som har bestått av Sparebanken Sogn og Fjordane sin direktør Arvid Andenæs, Innovasjon Norge sin direktør Halvor Flatland og Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke, plukka etter intens diskusjon ut fem finalistar. Dei siste vekene før avgjerda fekk så publikum vere med og stemme fram vinnaren – som forresten har generert over 10.000 stemmar på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider.

Vi som står bak konkurransen (Sparebankstiftinga, Sparebanken Sogn og Fjordane & NRK Sogn og Fjordane) er difor svært nøgde, både med at det står så bra til med gründer-ånden i fylket vårt, og med at det allmenne publikum også ser ut til å vere engasjert av dette. Og vi her i Sparebankstiftinga kan knapt få understreka nok kor viktig vilkåra for gründerar i fylket er – så vi kjem nok til å følgje opp både desse og nye gründerar i fylket med dei verkemidla vi rår over i framtida.

Dei andre nominerte finalistane:

Droneservice

Lege.no

Melin Medical

Proresult