Nytt år – nye søknadskurs

Sparebankstiftinga sine populære gratiskurs i søknadsskriving fortset sjølvsagt til neste år. Først ut er Stryn 14. januar.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane byrja i vår med kurs i korleis skrive gode prosjektsøknadar, noko som har vore ein kjempesuksess. Til no har kring 500 eldsjeler i fylket fått tips til kva både vi og andre stønadsforvaltarar synst er gode søknadar, og deltakarane har gitt svært gode tilbakemeldingar på kurset.

Desse søknadskursa fortset vi sjølvsagt med, og første kurs i 2013 blir på kulturhuset i Stryn måndag 14. januar klokka 1800-2100. Lokal kursvert er Stryn kommune. (Påmelding: sjå nedst på sida.)

Vi har òg erfart at mange av kursdeltakarane får “blod på tann” av søknadskurset, og ønskjer å setje seg meir inn i korleis ein kan hente finansiering sjølv til ganske ambisiøse prosjekt: Korleis argumenterer ein best for prosjektet? Og når ein er avhengig av fleire støttespelarar, i kva rekkefølgje søkjer ein desse? Difor set vi no i gong ein runde med oppfølgingskurs for deg som vil følgje dette emnet litt lenger. Også dette kurset er gratis; men vi føreset at du har delteke på innføringskurset omtalt ovanfor. Oppfølgingskurset er mest relevant for deg som har eit konkret prosjekt du held på med  å finne finansiering til (evt. står foran ein slik prosess).

Det blir halde eitt kurs for Nordfjord, eitt for Sunnfjord og eitt for Sogn på desse dagane/stadene:

Sogn: Studenthuset Meieriet tysdag 15. januar klokka 1800-2100

Nordfjord: Gloppen hotell onsdag 16. januar klokka 1800-2100.

Kurset i Sunnfjord vert annonsert på nyåret.

Påmelding (alle kursa) til post[at]sparebankstiftinga.no. Ingen påmeldingsfrist (men vi tek atterhald om ledig plass).