Kulturindeks set Sogn og Fjordane «midt på treet»

Vi er slett ikkje samd – men synst likevel undersøkinga er lærerik

Telemarksforskning har fått mykje merksemd på sine forsøk på å måle kommunane si kultursatsing. Først vart det jubel for Gloppen, som vart kåra til «årets kulturkommune» ut frå sin kulturindeks over alle norske kommunar i fjor haust. Så skapte det debatt blant landets kulturarbeidarar når Telemarksforskning i sommar publiserte sin rapport «skaper kultur attraktive steder?» basert på kulturindeksen.

Vi i Sparebankstiftinga vart nysgjerrig på denne undersøkinga, og ikkje minst dei bastante konklusjonane i han, som heilt enkelt slo fast at det ikkje var nokon samanhang mellom kor mykje ein satsa på kultur og kor attraktiv ein kommune var. Vi bad difor Telemarksforskning om ein rapport på fylkesplan, kor vi vart jamført med nabofylka våre. Vi bad òg om at dei tala som kunne samanliknast med fjoråret vart tekne med.

. Vi understreker at Sparebankstiftinga er kritiske til både metode og fleire av konklusjonane – mellom anna av di kulturindeksen er basert på tal som er mogleg å hente ut frå nasjonale oversiktar og statistikkar, som gir openberre veikskapar. Sparebankstiftinga får dessutan inn mellom 1100 og 1200 søknadar frå idrett- og kulturaktørar i heile fylket (som nesten er 30% auke frå i fjor), og det biletet vi ser er alt anna enn «midt på treet»; her boblar det av både aktivitet, entusiasme, kunnskap, initiativ og innovasjon i bøtter og spann!

Vi trur likevel det er viktig at kulturarbeidarar i fylket er medvitne på rapporten og talgrunnlaget, og voner rapporten vil skape debatt. Vi oppmoder difor kulturarbeidarar, frivillig engasjerte, kunstnarar og andre interesserte til å laste ned rapporten på http://www.tmforsk.no/publikasjoner/filer/fil.asp?fil=2135