Hugs å legge ved budsjett!

Fortvilande mange søkjarar trur “forenkla søknad” tyder at ein ikkje treng vedlegg, så vi understrekar at ALLE søknadar må legge ved budsjett!

Søknadskategorien “Forenkla søknad” har blitt så populær at vi har nesten dobla potten som er sett av til dette – igjen! Faktisk er over halvparten av søknadane vi får inn i kategori “forenkla søknad”, og det tar vi sjølvsagt som eit teikn på at vi tenkte rett når vi opna for ei ordning med løpande søknadsfrist med kortare handsamingstid for søknadar om beløp under 10.000 kroner.

Men det kan hende at namnet “forenkla søknad” er litt villedande: Fortvilande mange søkjarar droppar nemleg å legge ved budsjett. Og då går søknaden rett til avslag, sjølv om det elles kan vere gode allmennyttige tiltak ein søkjer om gåve til! Kravet om budsjett er nemleg absolutt. Heldigvis er det jo mogleg å søkje om att i same sekund ein evt. får avslag, men det er sjølvsagt betre å få det rett første gongen..!

Ein sjeldan gong får vi elles budsjett på EI linje; der det omsøkte tiltaket er einaste “post” på budsjettet. Vi er ikkje veldig formelle, men vi forventar at eit budsjett består av minimum tre deler: Ein utgiftspost, ein inntektspost og ei sum-kolonne. Er du usikker på korleis eit budsjett ser ut, kan du lese meir på søknadstips-sida vår, og dessutan kan du laste ned eit døme på eit enkelt budsjett her.

Eventuelt kan du ta kontakt med administrasjonen, så får du hjelp til å sette opp søknaden.