Nytt søknadssystem på veg!

Sparebankstiftinga er i gang med å oppdatere søknadssystemet. Vi vil prøve å få overgangen til nytt system  til å gå saumlaust, men beklagar dersom dette fører til “lugging” i gåvesystemet i vekene fram mot nylanseringa.

Sparebankstiftinga har no vore ansvarleg for å dele ut gåvemidlar frå overskotet i Sparebanken Sogn og Fjordane i 3 år. I desse åra har vi brukt eit eigenutvikla søknadssystem som vi har vore svært nøgde med. Å starte Noregs tredje største sparebankstifting er ein veldig læreprosess, men vi trur no at dei fleste “barnesykdomane” er bak oss, og at vi har gjort dei erfaringane som gjer oss i stand til å utvikle eit søknadsskjema som er lettast mogleg å bruke for søkjarane, og som samstundes effektiviserer administrasjonsarbeidet maksimalt.

Vi er òg veldig stolte av at vårt nye søknadssystem er utvikla lokalt, av Mediebruket i Førde. Vi håper og trur de som søkjarar ikkje vil merke noko til overgangen anna enn at søknadsskjemaet ser litt annleis ut frå og med februar. Men når gamalt og nytt søknadssystem skal “snakke saman” er det alltid ein viss risiko for at ein opplever at det “heng” ein stad, før systemet er testa fullt ut. Vi ber difor om forståing for at dukan oppleve  t.d. å få ei feilmelding, eller at systemet “luggar” på annan måte. I så fall set vi pris på å få beskjed slik at vi kan rette opp feilen snarast mogleg. 

Du kan òg ta kontakt med administrasjonen og få hjelp og informasjon, evt. meldt inn ein søknad eller rapport for tidlegare gåver manuelt i overgangsperioden.