Klatreparkar i heile fylket?

Styret i Sparebankstiftinga har vedteke at vi ønskjer å vidareføre satsinga frå Førde, kor klatreparken vi gav gåve til har vore ein kjempesuksess. Vi har allereie løyvd ei gåve til ein tilsvarande klatrepark i Jølster no i haust, og har satt i gong ei kartlegging blant dei andre kommunane i fylket for å få oversikt over kor mange som ønskjer ein klatrepark i sin kommune.

Klatreparken i Førde kom i stand gjennom teiknekonkurransen “Barnegåva” i Firda i fjor haust, kor alle born i Sunnfjord vart inviterte til å teikne forslag til å gjere Førde sentrum betre for dei. Stiftinga, kommunen og Firda ønskte gjennom konkurransen å inkludere dei yngste i tenking kring sentrumsutvikling. Det vart ein kanonsuksess, og Firda fekk inn heile 233 teikningar frå born i alderen 2-12 år. Juryen, med Førde-ordførar Olve Grotle i spissen, fall for to av teikningane: Ulrik Nielsen (8) sitt Klatrefjell og Andreas Skålvik (11) sitt Blyantleikestativ. I tillegg til å vere flotte teikningar, var desse bidraga òg svært typiske: mange av dei innsendte teikningane var kring same tema (klatring og leikestativ).

Etter at vinnarane vart kåra, satte vi i gong med å tolke og konkretisere “bestillinga”, og resultatet vart altså klatreparken med både “blyantar” og det store “klatrefjellet”, og i september kunne ordføraren endeleg offisielt opne klatreparken i Førde. Men allereie under byggeprosessen myldra det av ungar i klatreparken, og sidan då har parken berre fortsett å myldre med entusiastisk aktivitet frå “born i alle aldrar”…

Det gjekk heller ikkje lang tid før spørsmåla byrja å kome frå andre stader i fylket om vi kunne bygge fleire. Og det vil vi gjerne! Vi har difor løyvd pengar til den neste parken allereie; den blir på Skei i Jølster. I tillegg har vi spurt alle dei andre kommunane om dei òg ønskjer ein tilsvarande klatrepark.

Det er fleire grunnar til at vi har retta spørsmålet til kommunane først. Den mest openberre er at tiltaket treng ein utbyggjar som kan ta ansvar for vedlikehald i mange år framover, og som har ei tomt på ein offentleg og sentral plass i kommunen som ein kan nytte til føremålet. Kommunane kan òg søkje om spelemidlar, dersom tiltaket er inkludert i kommunedelplanar for fysisk aktivitet. Men om kommunane evt. ønskjer å gjennomføre tiltaket via eller saman med lokale partnarar, er vi opne for å diskutere dette med kvar einskild kommune.

Men spørsmålet alle lurer på no, er sjølvsagt “NÅR kjem det klatrepark der EG bur?” Og då må vi ærleg svare at det veit vi ikkje enda. Men stiftinga har byrja med kartlegginga av kor mange kommunar som ønskjer klatrepark; og så må både vi og kommunane få litt tid på å ordne med formalitetar og praktisk tilrettelegging. Men Sparebankstiftinga ønskjer i alle fall å følgje opp med gåver til dei neste klatreparkane allereie til våren. Så håper vi nokre av kommunane er klare til å setje spaden i jorda så snart snøen smeltar…