Første søknadskurs på plass

Haustens første søknadskurs blir i Storehagen Atrium i Førde måndag 25. august.

I går gjekk vi ut med tilbod om gratis kurs i søknadsskriving, og allereie i dag vart første kurs beramma i Førde. Vertskap for første kurs er Sogn og Fjordane fylkeskommune (v/rådgjevar for fysisk aktivitet Atle Skrede), og kurset vert halde i møterommet i 1. etasje frå klokka 1800 til 2100. Påmelding til post[at]sparebankstiftinga.no (ingen frist, men atterhald om ledig plass. Førstemann til mølla). Det blir enkel servering på kurset.

Kurset er utvikla med tanke på frivillige lag og foreiningar, og skal gjere dei betre rusta til å søkje om ekstern støtte til verksemda.  Elles går vi naturlegvis gjennom Sparebankstiftinga sine vilkår for å gje gåver, men kurset for øvrig fokuserer på korleis ein god søknad ser ut, kva dokumentasjon ein bør legge ved, korleis ein bør strukturere søknaden osb. Slikt sett er kurset relevant for nær sagt alle som søkjer ekstern finansiering til si verksemd.

Sparebankstiftinga fekk stor respons når søknadskurset vart lansert for to år sidan, og første kurs mønstra heile 120 deltakarar. I løpet av eit år deltok kring 600 på kurset, som fekk svært gode skussmål. Vi er overtydd om at kvaliteten på søknadane hit til Sparebankstiftinga er betre som følgje av kursa, og voner dette også vil styrkje fylkets lag og foreiningar i kampen om nasjonale støttekroner på sikt.