Vil du ha gratis søknadskurs på heimebane?

Vi startar opp att våre populære kurs i korleis skrive gode søknadar om støttemidlar. Kursa varer i ca 3 timar, og Sparebankstiftinga stiller både kurshaldar og møtemat.

Kort etter oppstarten av Sparebankstiftinga i 2011 vart det skipa søknadskurs i Førde, som mønstra heile 120 påmelde og fekk veldig gode tilbakemeldingar. Tilbodet vart difor vidareført, og i løpet av eit år hadde meir enn 600 eldsjeler i fylket vore på kurs.

Sparebankstiftinga vil difor vidareføre kursa etter same mal som før: berre du ordnar tak over hovudet til kring 20 kursdeltakarar for ein kveld – så kjem vi til deg; kor som helst i Sogn og Fjordane fylke. Finn ein dato som passar, og ring eller send ein mail hit til oss. Kursa er vanlegvis frå kl. 1800 til 2100 på kvelden, men dette kan sjølvsagt tilpassast. Kurset må òg vere tilgjengeleg for andre lag/eldsjeler (så langt det er plass).

NB ver rask dersom du ønskjer kurs før søknadsfristen 1. september – vi treng helst to vekers planleggingstid pr kurs. (men kursa er tilgjengelege i heile haust)

Men hjelper søknadskursa? Til sjuande og sist er det jo sjølve tiltaket som skal vurderast, og ikkje søknadsformuleringa. Men kurset gir deg hjelp til å fortelje om tiltaket på ein klar og tydeleg måte, og gjere det lettare å få auge på kvalitetane i tiltaket. I vår undersøking frå 2013 svarte ca 54% at kurset var «veldig bra» – medan 21% gav kurset toppkarakter. 51% svarte dessutan at kurset hadde ført til meir støttemidlar inn til laget/verksemda – også frå andre støtte-ytarar enn Sparebankstiftinga. Så vi kan med handa på hjartet seie at søknadskurset har vore til god hjelp for mange!