Vi startar leitinga etter “Årets Gründer 2014”

Foreslå di bedrift, eller din favoritt, innan 1. oktober for å vere med i tevlinga om tittelen – og 100.000 kroner!

Er du, eller nokon du kjenner, i startfasen på noko som kan bli ei av fylkets nye suksessbedrifter? Då kan du bli Årets Gründer 2014.

31.oktober skal «Årets gründer 2014» kårast i Sogn og Fjordane. Det er tredje gong prisen vert delt ut, og den heldige vinnaren får med seg 100 000 kroner som startkapital til nyskapinga si. Målet med prisen er å stimulere til auka innovativ aktivitet i fylket, og gje dei som allereie er innovatørar ei viktig merksemd.

Utdelinga er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon NorgeFramtidsfylket og Sparebankstiftinga.

Etter søknadsfristen vert det plukka ut om lag 5 finalistar, som kvar vert presentert på Innovasjon Norge sin Gründerdag i Førde 21. oktober. Publikum vert deretter invitert til å stemme fram sin favoritt blant finalistane på framtidsfylket.no fram til vinnaren vert kåra på Temposeminaret i Florø 31. oktober.

I 2012 var det dataverksemda Highsoft Solutions frå Vik i Sogn som vann kåringa, medan Nordfjordverksemda Melin Medical gjekk av med sigeren i fjor. Begge desse verksemdene har hatt ein eventyrleg vekst, men Fidjestøl understrekar at ein ikkje treng å vere like langt i utviklingsprosessen for å søkje.

I tillegg til førstepremien, overraska Innovasjon Norge i fjor med å stille opp med like mykje pengar fordelt på ytterlegare to bedrifter: Digital Etikett og Askvoll Sjømat og Delikatesser. Midlane til “andreplassane” vert òg vidareført i år, og det at Innovasjon Norge stiller opp i slik grad fortel mykje om kva tyngd og kraft prisen har fått for både vinnarar, finalistar – og for gründer-kåra i fylket.

Juryen vil bestå av: Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, adm. direktør Sparebanken Sogn og Fjordane og Gro Rukan, dagleg leiar av Framtidsfylket.

Vilkår for å delta i konkurransen:

  • Vere stifta for mindre enn 5 år sidan
  • Vere utvikla av personar frå Sogn og Fjordane og/eller utvikla (heilt eller delvis) i fylket
  • Ta utgangspunkt i ein konkret  teneste- eller produktidé, der  som er kome så langt i utviklinga at kommersialisering er komen i gang. Det vil seie; kan vise til inntekter.
  • Vere berekraftig og ikkje skape negative følgjer for miljøet
  • Idéen/ prosjektet si evne og vilje til å skape aktivitet, omsetnad og arbeidsplassar i fylket vil dessutan kunne slå ut positivt uti kåringa.

Frist for å sende inn forslag til kandidatar er tirsdag 1. oktober. Send ditt forslag til post@sparebankstiftinga.no med ei kort grunngjeving om kvifor du meiner dei burde vinne. (Ingen sals-, rekneskapstal eller annan dokumentasjon er naudsynt; juryen vil hente inn alle naudsynte fakta)