Klar for nye gåvetildelingar!

Onsdag 5. november offentleggjer vi haustens gåvetildeling frå Sparebankstiftinga. Styret i stiftinga beslutta å dele ut 2.849.000 kroner av utbytet frå banken denne gongen.

Søkte du om gåve til allmennyttige føremål til søknadsfristen vår 1. september? Då bør du sjekke eposten din på onsdag, for då sender vi ut mail om kven som har fått gåver i denne søknadsrunden. Men hugs: har du streng innstilling i epostlesaren din (eller frå internettleverandøren din), kan det hende eposten legg seg i spamfilteret (søppelpost-mappa), så sjekk denne òg. Du finn dessutan full oversikt over alle tildelingane her på denne sida frå onsdag.

Merk òg at du må sende utbetalingsoppmoding der du stadfestar vilkåra + at tiltaket blir gjennomført i tråd med søknaden, før gåva blir utbetalt. «Bruksanvising» for dette står kort og greitt i tildelingsmailen.

Fekk de ikkje gåve denne gongen? Ikkje gi opp! Hugs at det kan vere fleire grunnar til avslag, mellom anna får vi inn så mange søknadar at det ikkje vil vere rom for å imøtekomme alle (t.d. fekk vi totalt inn søknadar om 31,5 mill. kr. berre i denne søknadsrunden!) Og sjølv om vi ikkje har kapasitet til å grunngje kvart einskilt avslag, hjelper vi deg gjerne til å forbetre søknaden; og eventuelt finne andre plassar de kan søkje. Så slå på tråden til oss om du ønskjer diskutere ditt prosjekt – eller be om å få eit gratis søknadskurs der du bur.