Neste søknadskurs: Florø mandag 23. februar

Ei veke før hovud-søknadsfristen vår 1. mars arrangerer vi søknadskurs i Florø. Tidspunktet for kurset er tilpassa lokale båtruter i Florø.

Vi fortset våre gratis kurs i søknadsskriving, og neste kurs-stad er Florø. Som før går kurset ut på å gå gjennom korleis ein søknad generelt bør formulerast, uansett kvar ein har tenkt å sende søknad – samt konkret om kva vilkår vi sett til søknadar og tiltak her i Sparebankstiftinga. Kurset kan vere relevant for alle som har planar om å hente inn pengar til verksemda si, men vi har hatt lag og foreningar mest i tankane når kursinnhaldet vart utforma.

Kurset går av stabelen i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale i Florø klokka 1730-1930 måndag 23. februar og er gratis. Påmelding til post[at]sparebankstiftinga.no. Ingen påmeldingsfrist, men vi tek atterhald om ledig plass.

Vi serverer litt å bite i frå kl 1700, og held elles opent for spørsmålsrunde/ individuell rettleiing etter 1930 dersom det er ønskjeleg. Vel møtt!

 

Ønskjer du eit søknadskurs der du bur? Kontakt oss – alt du treng er eit lokale med plass til min. 20 menneske, så stiller Sparebankstiftinga med resten. Kurset må òg vere tilgjengeleg for andre (så langt det er plass).

Hjelper søknadskurset? Når vi spurte våre kursdeltakarar om dette, svarte 54% at kurset var «veldig bra», medan 21% gav kurset toppkarakter. 51% svarte dessutan at kurset hadde ført til meir støttemidlar inn til laget/verksemda.