Strategidokument for Sparebankstiftinga

Openheit er svært viktig for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, difor har vi lagt ut vårt strategidokument for 2015-2018 her på nettsida vår.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ønskjer å bidra til større forståing for både kva vårt samfunnsoppdrag er, og for korleis vi vil løyse oppdraget i åra framover. Difor har vi lagt ut vårt strategidokument for 2015-2018 som styret vil legge til grunn for sine prioriteringar i høve til eigarskap, gåvemidlar og forvaltning av stiftinga sine midlar. Strategidokumentet finn du på denne sida.

Har du meiningar om strategidokumentet vårt, høyrer vi meir enn gjerne på dine innspel! I så fall kan du anten kontakte oss direkte, eller kommentere dokumentet på vår Facebook-side.

Strategidokumentet blir rullert årleg av styret i Sparebankstiftinga, og alle innspel til stiftinga sin vidare strategi vil bli gjort kjent for styret i samband med rulleringa.