150 søkte om gåvemidlar – og får svar 1. mai

Årets første søknadsfrist er passert, og vi noterer 150 søknadar om totalt 43 millionar kroner i denne søknadsrunden.

1. mars var søknadsfrist for vårens gåverunde i Sparebankstiftinga, og måndag 2. mars låg det 150 søknadar og venta på oss i søknadsportalen. Det er naturlegvis mange søknadar; men faktisk ein liten nedgang frå i fjor vår. Men sjølv om søknadane blir litt færre, ser vi at samla søknadssum aukar. Totalt er det dermed søkt om heile 43 millionar kroner i denne runden.

Det gir sjølvsagt oss i Sparebankstiftinga ei stor utfordring. Vi synst det er vanskeleg å avslå søknadar om midlar til gode tiltak, men realiteten er at vi ikkje har nok midlar til alle og må gjere nokre prioriteringar. Men tross alt føler vi oss priviligerte som får lov å dele ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, og voner at vi kan finne midlar til om lag ein tredjedel av tiltaka, slik som i fjor.

Samtlege søknadar vil bli grundig vurdert. Vi ber om forståing for at dette er tidkrevjande arbeid, men har som mål at alle vil få svar på søknaden innan fredag 1. mai. Og hugs at det er mogleg å prøve igjen om du ikkje lukkast i denne runden – Sparebankstiftinga vil stille opp for Sogn og Fjordane i mange år framover! Neste søknadsfrist er 1. september – og i tillegg går det an å sende “forenkla søknad” om inntil 10.000 kroner når som helst, heile året.

Det går òg an å prate med oss om det er mogleg å forbetre søknaden på nokon måte – slå på tråden til oss om du ønskjer ein prat om søknaden/tiltaket ditt.