Nye representantar valt til stiftinga si generalforsamling

Som annonsert vart det avhelde val til stiftinga si Generalforsamling 4.-6. mars. Her ser du kven som vart valt.

Avstemminga til stiftinga si generalforsamling vart som vanleg gjort pr epost blant banken sine innskotskundar med adresse i fylket, og det vart registrert 906 stemmar. Dette er ei fin auke i høve til dei ca 750 stemmene vi fekk inn i fjor Vi er svært stolte av og takksame for at så mange av banken sine innskytarar engasjerer seg i valet, så takk til dykk som røysta.

Som annonsert i forkant av valet skulle det velgjast tre faste representantar for fire år, og fire varamedlemer for eitt år. Her er dei som vart valt inn:

Faste representantar valt for 4 år:

Siv Merete Stadheim (Florø)

Roger Aa Djupvik (Sandane)

Åge Avedal (Førde)

Vararepresentantar valt for 1 år:

Bente Nesse (Høyanger)

Endre Rutledal (Måløy)

Anne Skår (Sogndal)

Kjetil Russenes (Sogndal)

Sparebankstiftinga ønskjer å takke både valnemnda for godt og grundig arbeid, og samtlege kandidatar som stilte til val.

Samansettinga av Generalforsamlinga, slik den ser ut etter årets val, kan du elles sjå her.