MILLIONGÅVE TIL RØDE KORS: – HEILT FANTASTISK!

Å få reise på vinterferie er dessverre er ikkje sjølvsagt. Då er det godt vi har «Vinterferie for alle» som Sogn og Fjordane Røde Kors denne veka arrangerer. 

– Eg gler meg veldig til å sjå korleis dette blir! Når alle ungane kjem ut av bussen, skal finne romma sine, og få seg heilt nye venner og opplevingar. Det blir spennande, seier Katja Nielsen.

Ho jobbar med «Ferie for alle» i Sogn og Fjordane Røde Kors, og denne veka er det klart for årets vinterferie. Der arrangerer dei to leirar ved Nordfjord Fritidssenter i Stryn, og til saman 80 personar skal delta.

Til dette fine tilbodet har Sogn og Fjordane Røde Kors fått ei gåve på 200 000 kroner. Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Gjennom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som er banken sin hovudeigar, har Røde Kors også fått ei gåve til på 800 000 kroner. Meir om denne tildelinga kan du lese om litt lenger nede i denne saka.

Vil gi familiar ei felles oppleving

Men først meir om «Vinterferie for alle». Dette er eit gratis ferietilbod for familiar med låg inntekt.

– Dette er eit tilbod til dei som ikkje har råd til å feriere elles. Det er sårbare grupper, og kanskje nokon som ikkje har så mange relasjonar her i området. Dette kan hjelpe dei med å bygge nettverk, og bli kjent med andre på same alder og i same situasjon, seier Nielsen.

– Leiren tek utgangspunkt i barna, men foreldra er også med, og då handlar det om å gi dei ei felles oppleving, held ho fram.

På leiren kan dei glede seg til alt frå skiaktivitetar, teikning og bingo, til hundesledekøyring, tur på Loen Skylift, teikning, perling og generelt gøy for alle.

Måtte eigentleg avlyse eine leiren

Som tidlegare år vert det to leirar i år også, men det var ikkje sjølvagt at det kom til å bli slik. Av økonomiske grunnar hadde dei landa på at eine leiren måtte avlysast.

– Eg hadde akkurat informert ressursgruppa om at vi måtte innsjå at eine leiren vart avlyst. Så gjekk det under eitt minutt, og då ringte Pål i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og informerte om gåva. Korleis er det mogleg? Det var som sendt frå oven, seier Nielsen og gliser.

Dette er veldig gledeleg, synast Linda Vøllestad Westbye. Ho er direktør for privatmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane, og delte ut sjekken til Røde Kors.

– Dette er eit fantastisk tilbod, og denne veka er det mange som vil få nye vennskap som dei ikkje ville fått elles. For oss er det ekstra motiverande å dele ut noko av overskotet vårt til ein så viktig aktør med mykje frivilligheit, og til eit så hjartevarmt prosjekt, seier Vøllestad Westbye.

800 000 som lokallaga kan søke om

Som det står innleiingsvis er Sogn og Fjordane Røde Kors også tildelt ei anna gåve på 800 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Desse pengane kan dei 26 lokalforeininga i Sogn og Fjordane søke om å få ein del av. Dette kan vere til utstyr, aktivitetar eller kursing av frivillige.

– For oss er denne gåva fantastisk! Å få ha ein eigen pott der dei lokale laga kan søke direkte til oss, gjer at terskelen vert lågare for å søke, seier Dag Hovland, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Han fortel at talet aktive og frivillige har auka under pandemien.

– Eg vil takke alle våre 2600 frivillige som bidrar på ulike måtar. Mellom anna vil deltakarane på vinterleiren denne veka få heimestrikka sokkar og vottar som er laga av frivillige. Heilt fantastisk, seier Hovland.

Også i fjor fekk Sogn og Fjordane Røde Kors ei gåve som lokallaga kunne dra nytte av. Den var på 600 000 kroner, og kan lesast om her.