Hugs å søkje Furorestipend før 15. juni!

Søknadsskjemaet for Furorestipend er opna i søknadsportalen vår (snarveg HER), og som vanleg kan unge talent søkje om stipend i kategoriane Kultur, Idrett og Open klasse fram til 15. juni.

Furorestipendet har blitt utdelt sidan 2009, og går til ungdom (som vi i denne samanhengen definerer som frå året ein fyller 15 til året ein fyller 30) som har eit spesielt talent der ein både kan vise til gode resultat – og til ein konkret plan for å satse vidare på sitt talent.

Vi er klar over at det er mykje enklare å vise til resultat innan idrett, men ditt talent kan vere innan nær sagt kva som helst (og om ein ikkje har resultatlister å vise til, kan ein t.d. nytte avisutklipp, referansar frå lærekrefter eller andre typar tilbakemeldingar ein har fått.)

For søknadar om Furorestipend er det ikkje naudsynt å legge budsjett ved søknaden – men som sagt ser vi etter deg som har konkrete planar for å satse vidare, så fortell gjerne litt om korleis du tenkjer nytte eit eventuelt stipend.

Furorestipendet er eit personleg stipend, og det er ikkje krav om rapportering på bruken av midlane. Stipendbeløpet er normalt 50.000 kroner pr stipend; og det vert delt ut 8 stipend pr. år.