Vi deler ut 1000 redningsvestar i Sogn og Fjordane!

For å bidra til trygg aktivitet på vatnet for fleire barn og unge, deler vi ut 1000 redningsvestar til lag og organisasjonar som driv eller legg til rette for ferdsle på/ved vatn. Det einaste vi ber om, er at laget deler vestane med andre i sitt nærområde.

Er du med i eit lag eller ein organisasjon, eller jobbar i ein kommune som tilbyr aktivitet på eller ved vatn, kan du sende ein e-post til post@sparebankstiftinga.no og be om å få nokre av redningsvestane vi har kjøpt inn. Alle som ønskjer vestar må forplikte seg til å låne desse ut vidare til mindre lag og arrangørar lokalt.

Vestane varierer i storleikar/vektklassar, og er av to typar; REDNINGSvestar for dei minste (15-30kg), og FLYTEvestar for dei litt større (str. 30-50kg, 50-70kg og 70-90kg). Vestane er sjølvsagt godkjente til fritidsbruk (ikkje for utleige – då gjeld særlege krav).

Idéen til prosjektet fekk vi etter ein søknad frå Kalvåg Kystlag, som sjølvsagt fekk den første leveransen av vestar. Sjå her korleis det gjekk.

Slik ser redningsvestane (venstre) og flytevestane ut: