Ungdomsskuleklassar kan tene pengar til skuletur og andre felles aktivitetar gjennom Klassekassa.

Ved å gjennomføre samfunnsnyttig dugnadsarbeid gir ordninga ungdom erfaring med frivillig arbeid, skaper verdi i lokalsamfunnet – og gir konkrete inntekter til klassekassa.

Du søkjer enkelt via eit digitalt søknadsskjema. Det er inga søknadsfrist.

Slik kjem du i gang

Ordninga gjeld for ungdomsskuleklassar i Sogn og Fjordane og Hornindal.

Klassen søkjer om å få gjennomføre dugnad og tene pengar til klassekassa.
Etter godkjend søknad kan klassen:

  • gjennomføre eitt eller fleire dugnadsoppdrag
  • samle timar per elev
  • sende inn enkel rapport etter endt oppdrag

Støtta blir utbetalt når rapporten er godkjend.

Det er klassekontakt, FAU eller tilsvarande som søkjer på vegner av klassen.
Ein må ha eit organisasjonsnummer, primært FAU og tilknytt kontonummer for utbetaling.

For å få støtte må dugnadsarbeidet:

  • vere trygt og forsvarleg
  • ha klar samfunnsnytte
  • ikkje konkurrere med kommersielle aktørar
  • ikkje krevje særskild fagkompetanse

Dugnaden skal vere samfunnsnyttig, og det er kreativiteten som set rammene.
Døme kan vere

  • å bidra på lokale frivillige arrangement
  • delta i rydde- og miljøaksjonar
  • skape kultur- og trivselstiltak som konsertar, høgtlesing eller kafé på omsorgsheim eller sjukehus
  • enkle digitale hjelpetiltak
  • Besøksven

Vi oppmodar dykk til å vere nysgjerrige på kva som skjer lokalt, og til å ta kontakt med frivillige organisasjonar for å høyre om dei har oppdrag. Det er ikkje høve til å ta oppdrag for privatpersonar eller i private føretak.

Etablerte arrangement som tradisjonelt vert gjennomførte gjennom ordinær frivillig innsats – til dømes 17. mai-arrangement og andre terminfesta idrettsarrangement – vert normalt ikkje støtta.

Du får støtte basert på deltaking:

  • 200 kroner per elev per time/ inntil 2 500 kroner per elev per år
  • timar kan samlast over fleire dugnader

Det kan tildelast inntil kr 30 000 per skuleår, med ei samla øvre ramme på kr 90 000 gjennom ungdomsskulen.

Kvifor Klassekassa?

Skuleturar og sosiale aktivitetar gir ungdom opplevingar dei tek med seg vidare i livet. Samstundes kan det vere krevjande å sikre at alle får vere med, uavhengig av økonomi.

Klassekassa er eit supplement til andre måtar å samle inn pengar på. Gjennom samfunnsnyttig dugnadsarbeid kan ungdom bidra sjølve og skape verdi for andre – ein tydeleg vinn-vinn for både klasse og lokalsamfunn.

Ordninga gir ungdom erfaring med frivillig arbeid, skaper meistring og kan inspirere til vidare engasjement.