No kan ungdom tene pengar til klassen – med innsats for andre

Rydde boss eller arrangere vaffeldag på aldersheimen? Dette er noko av det ungdomsskuleelevane i Sogn og Fjordane kan gjere – og få pengar for det.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebank 1 Sogn og Fjordane lanserer «Klassekassa». Ordninga rettar seg mot ungdomsskuleelevar i Sogn og Fjordane, som gjennom den nye satsinga kan tene pengar til klassen sin gjennom samfunnsnyttige dugnadsoppdrag.

– Vi ønskjer at ungdom skal få kjenne kor givande det er å gjere noko for andre. Når dei i tillegg kan tene pengar til klassen sin, blir det både meiningsfullt og motiverande, seier Lillian Loen, som er leiar prosjekt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

På bildet: Lillian Loen (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane) og Linda Vøllestad Westbye (SpareBank 1 Sogn og Fjordane). (Foto: Vidar Helle/SSF)

Kan bety mykje for mange

Loen seier vidare at ho håpar og trur at «Klassekassa» blir eit godt supplement til andre ordningar som gir inntekter for klassar som til dømes skal på klassetur.

– Men «Klassekassa» handlar om meir enn pengar. Det handlar om å gi ungdom verdifull erfaring med frivillig arbeid – og å inspirere dei til å engasjere seg også i framtida, seier Loen.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut gåvemidlar frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Linda Vøllestad Westbye er direktør for privatmarknad i banken, og ho er veldig positiv til initiativet som kjem alle  ungdomsskuleklassar i Sogn og Fjordane til gode.

– Dette er ei ordning som treff midt i hjartet av det vi ønsker å bidra til. Her kan verkeleg ungdom gjer ein forskjell, både for seg sjølve og for klassen sin, men også for andre, seier Westbye.

Ho legg til:

– Dette vil gi ungdommane både arbeidsglede og ei forståing for kor viktig det er å engasjere seg i lokalmiljøa sine. Små tiltak kan bety mykje for mange, enten det er rydding i nærmiljøet sitt eller vaffeldag på aldersheimen, seier ho.

Slik fungerer ordninga

Det Westbye nemner er gode døme, og elevane kan gjere mykje forskjellig – så lenge det er frivillig innsats med tydeleg samfunnsnytte. «Klassekassa» er lagt opp slik at ein klasse sender ein enkel søknad via nettsida til Sparebankstiftinga, der dei skildrar det samfunnsnyttige tiltaket sitt.

Når søknaden er godkjend, kan tiltaket gjennomførast. Etter oppdraget er utført sender klassen ein kort rapport tilbake. Deretter får dei pengane inn på konto.

Det er ikkje eit krav at alle i klassen deltek i alle aktivitetar, og ein klasse kan gjennomføre fleire ulike oppdrag. Kvar elev tener 200 kroner per time, og kvar klasse kan søke om inntil 90 000 kroner i løpet av ungdomstrinnet.

– Vi ønskjer at ordninga skal vere så enkel som mogleg og inspirere til mykje godt dugnadsarbeid. Vi håpar ho gir fine sosiale stunder undervegs – og bidreg til klasseturar og gode opplevingar dei tek med seg vidare. Er det noko ein lurer på er det berre for foreldre eller klassekontaktar å ta kontakt med oss, avsluttar Lillian Loen i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.