Ny søknadsportal kjem snart
Søknadssystemet vårt er stengt i påvente av lansering av nytt søknadssystem fredag 10. juli.
I perioden systemet er stengt, er det ikkje mogleg å sende inn nye søknader eller gjere endringar i eksisterande søknader. Når nytt system opnar vil du kunne logge deg inn med same brukarnavn og passord som før, og sende inn utbetalingsoppmoding og sluttrapport for eksisterande søknadar.
Om du har spørsmål i mellomtida, ta gjerne kontakt med oss på post@sparebankstiftinga.no.
Vi ser fram til å ta imot søknadene dine i det nye systemet!
Kontaktpersonar:
Direktør Hallvard Klakegg
mob: 481 67 058
Leiar gåve og samfunnskontakt Yngve Thorsen
mob: 908 02 575
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er ein av dei største sparebankstiftingane i landet med ein forvaltningskapital på 3 milliardar kroner. Stiftinga sine viktigaste formål er å stå for eit stabilt og langsiktig eigarskap i Sparebank1 Sogn og Fjordane, utøve forsvarleg kapitalforvaltning og å vidareføre sparebank-tradisjonar ved gje gåver til allmennyttige formål. Stiftinga har sidan oppstarten i 2010 tildelt gåver for om lag 500 millionar kroner frå banken sitt overskot tilbake til samfunnet. Stiftinga forventar å tildele omlag 100 millionar i gåver til samfunnsnyttige tiltak i 2025.


