18 år gamle Erlend Grytten Sunnarvik er eit stort friidrettstalent. Med heile klassen til stades kunne han ta imot haustens første Furorestipend.

Heile klassen jubla for Erlend

Ein heilt vanleg gymtime blei alt anna enn vanleg for friidrettstalentet Erlend Grytten Sunnarvik frå Florø. – Dette gir meg meir motivasjon til å fortsette!

– Dette var veldig stas. Eg såg aldri denne komme! Ein overraskande følelse og eg kjenner at eg blei veldig glad.

Det seier Erlend Grytten Sunnarvik få minutt etter at han framfor heile klassen fekk gladmeldinga om at han får haustens første Furorestipend – og dermed 100 000 kroner.

Imponerande resultat

18-åringen frå Florø er eit stort friidrettstalent, og han er allereie i norgestoppen i både tresteg og lengdehopp. Han har fleire medaljar å vise til frå ulike meisterskap både nasjonalt og internasjonalt, mellom anna bronse i tresteg i senior-NM denne sommaren. Vidare kan han i år også vise til gull i tresteg og bronse i lengde under junior-NM, og bronse i Nordisk U20.

Dette har imponert Furore-juryen, og nyleg fekk SpareBank 1 Sogn og Fjordane sin banksjef i Florø, Ole Aukland, æra av å dele ut stipendet. Banksjefen dukka opp i ein gymtime utan at nokon av 3.-klassingane på idrettslinja ved Flora vgs visste noko.

 – Erlend har hatt ein kometkarriere og er eit verkeleg stort talent. Det er utruleg stas å vere her i dag og overrekke Furorestipendet til Erlend, sa Aukland til stor applaus frå medelevane til Furore-vinnaren.

– Eg visste ikkje at eg skulle få det, og hadde heller ikkje forventningar om å få dette stipendet. Det er veldig kjekt, overraskande og betyr mykje. Det betyr også at eg er ein av få utøvarar som har blitt plukka ut, at juryen har sett at det eg har gjort er bra og lovande for framtida, seier Grytten Sunnarvik.

Vil bli best

Og akkurat for framtida har spensttalentet høge ambisjonar – både kortsiktig og langsiktig.

– Det store målet neste år er å komme meg over 15 meter i tresteg i U20-EM i Polen. No har eg 14,53, seier han og held fram:

– Målet er elles å bli landets beste tresteghoppar. Det hadde vore gøy og blitt det, seier Grytten Sunnarvik og smiler breitt.

Dette Furorestipendet er det første av fleire som vert delt ut utover hausten. Stipendet går til unge talent frå Sogn og Fjordane i alderen 15-30 år som utmerkar seg innan kultur, idrett og forsking og utdanning.

– Det er veldig kjekt, overraskande og betyr mykje, seier Furore-vinnar Erlend Grytten Sunnarvik.