Leiiande organ

Her finn du informasjon om leiiande organ i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Styret har ansvar for den daglege drifta og strategiske avgjerder, medan generalforsamlinga samlar aksjonærane for å ta viktige avgjerder.

Styret

Etter vedtektene skal styret ha 3 – 8 medlemer og 2 varamedlemer. Styret si samansetting skal reflektere samansettinga av dei grupper som har stemmerett på generalforsamlinga.

Styret skal sjå til at  stiftinga sine midlar blir forvalta i samsvar med stiftinga sitt føremål og at verksemda er i samsvar med gjeldande lover, reglar og vedtekter. Styret skal også syte for utdelinga av gåver innanfor dei rammer som generalforsamlinga har bestemt.

Styret i stiftinga har for tida 5 medlemer og 2 varamedlemer, og består av følgjande personar:

Vegard Strand

Vegard Strand

Leiar
Leidulf Gloppestad

Leidulf Gloppestad

Styremedlem
Anne Mari Sundal Bøe

Anne Mari Sundal Bøe

Nestleiar
Silje Skaar Sunde

Silje Skaar Sunde

Styremedlem
Anita Nordheim

Anita Nordheim

Varamedlem
Kjersti Røysum Petty

Kjersti Røysum Petty

Styremedlem
Hans Gunnar Hagelin

Hans Gunnar Hagelin

Varamedlem

Generalforsamling

Generalforsamlinga er stiftinga sitt høgaste organ og vel styret sine medlemer. I tillegg fastset generalforsamlinga godtgjersle til styret, føretar val av revisor og fastset revisor si godtgjersle. I tillegg skal generalforsamlinga godkjenne stiftinga sitt årsoppgjer og føre tilsyn med stiftinga si verksemd.

Generalforsamlinga skal etter vedtektene ha 12 medlemer og 4 varamedlemer. Medlemene skal veljast av og mellom innskytarar med bustadaddresse Sogn og Fjordane, og som dei siste seks månader før kunngjeringa av  valet har hatt  innskot i Sparebanken Sogn og Fjordane. Medlemene blir valde for 4 år;  der tre faste medlemmer og eit varamedlem blir valt inn kvart år.

Vala til generalforsamlinga skal skje innan utgangen av april månad kvart år.

Den årlege ordinære generalforsamlinga fastset dei økonomiske rammene for gåvetildeling etter framlegg frå styret.

Følgjande personar er valde som medlemer og varamedlemer til stiftinga si generalforsamling:

Medlemer

  • Åge Avedal, Førde (leiar)
  • Kristin Svardal, Florø (nestleiar)
  • Martine Forre Sveian, Bremanger
  • Linda Hovland, Dale
  • Roger Aa Djupvik, Sandane
  • Siv Merete Stadheim, Florø
  • Geir Ståle Støfring, Vassenden
  • Thomas Norheim Moen, Årdalstangen
  • Nils Magne Slinde,  Leikanger
  • Laila Johannessen, Leirvik
  • Monika Refvik, Raudeberg
  • Gro Gjerdevik, Nordfjordeid
Varamedlemer
  1. John Gerick Bårøy, Hyllestad
  2. Marte Kvisterø Krogstadmo, Sogndal
  3. Malene Lunde Sætren, Måløy
  4. Thea Flo, Hjelledalen i  Stryn