Plan for kapitalforvaltning

Styret i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane (Stiftinga) har vedtatt plan for kapitalforvaltninga som definerer dei overordna retningslinjene for forvaltning av Stiftinga sine midlar, utover eigenkapitalbevisa i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
  • Kapitalstøtte og samfunnsansvar

    Stiftinga har som føremål å stille opp for banken med kapital  når situasjonen krev det. I tillegg skal Stiftinga sikre kontinuitet i den allmennyttige verksemda som årlege gåvetildelingar til samfunnsnyttige tiltak i Sogn og Fjordane.

  • Kontinuitet

    Stiftinga skal ha evigvarande drift som utgangspunkt for si kapitalforvaltning.

  • Strategisk kapitalforvaltning

    Stiftinga sine midlar skal plasserast på ein føremålstenleg måte ut i frå omsynet til risiko, risikospreiing, likviditet og forventa avkastning.

  • Etisk investering

    Det er viktig at Stiftinga sine plasseringar er etisk forsvarlege og at ein unngår plasseringar som kan skade Stiftinga sitt omdøme og tillit.

  • Likviditetssikring

    Stiftinga skal til ein kvar tid ha tilstrekkeleg likviditet til å dekke løpande plikter.

Portefølje

Styret i Stiftinga har vedtatt å dele finansporteføljen i to delporteføljar:

  • beredskapskapital
  • portefølje med frie midlar

I kapitalforvaltninga skil ein mellom desse porteføljene. Beredskapskapitalen skal sikre formålet om langsiktig og stabilt eigarskap i banken og midlar for 3 år drift og gåveutdeling i Stiftinga.  Dei frie midlane skal sikre sparebanktradisjonane og gåver til allmennyttig formål til noverande og framtidige generasjonar.

Her kan du laste ned Stiftinga sine porteføljerapportar: