Søknadskurset “på turne”

Søknadskurset kjem til Måløy rådhus allereie 28. februar!

Førre veke annonserte vi eit søknadskurs i Førde 27. februar som vi arrangerer saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune, kor vi inviterer alle lag, organisasjonar og andre kulturaktørar til å få råd og vink om korleis skrive gode søknadar til både Sparebankstiftinga, fylkeskommunen og ei rekkje andre stader ein kan få støtte.

I innkallinga skreiv vi òg at vi ville vurdere å arrangere liknande kurs rundt om i fylket viss det vart god respons på dette første kurset. No viser det seg allereie at responsen er overveldande positiv: ikkje berre går påmeldinga til kurset i Førde “så det susar” – vi har òg blitt invitert til Vågsøy for å halde same kurset der. Det har vi sjølvsagt takka ja til, og har satt kursdatoen til 28. februar; altså allereie dagen etter kurset i Førde – og to dagar før søknadsfristen til Sparebankstiftinga…!

Kurset passar for både ferske og erfarne søkjarar, og einaste krav til deltaking er at du har ein prosjekt-idé som du ønskjer å få realisert.

Tidspunktet for kurset blir kl. 18.00-21.00, og staden er rådhuset i Måløy. Det blir enkel servering på kurset.

Ønskjer du å delta på kurset i Vågsøy, sender du ei melding til odd.myhre@vagsoy.kommune.no. Du kan melde deg på heilt fram til kurs-start (atterhald om ledig plass).