Søknadskurset i Førde 27.02 flytta til Sunnfjord hotell

Grunna overraskande stor oppslutnad, flyttar vi kurset i søknadsskriving i Førde “over gata” til Rica Sunnfjord hotell.

Det tidlegare utlyste kurset i prosjektskriving som Sparebankstiftinga arrangerer i lag med Sogn og Fjordane fylkeskommune måndag 27. februar har vekt stor interesse, og i skrivande stund har vi registrert om lag 70 påmelde. Difor flyttar vi kurset frå Storehagen Atrium over gata, til Amfi Eikaas i 2. etasje på Rica Sunnfjord hotell. (Tidspunktet for kurset er det same; start kl. 18.00 og slutt ca. kl. 21.00.)

Den store interessa for kurset har elles ført til at vi har beslutta å vidareføre kurstilbodet med ambulerande kurs rundt i fylket. Kurs nummer to vert såleis i Måløy allereie dagen etter, tysdag 28. februar.

PÅMELDING: for å melde deg på i Førde, send ein mail til postmottak.sentraladm@sfj.no. Vil du delta i Måløy, melder du deg på til odd.myhre@vagsoy.kommune.no.

Vil du ha eit søknadskurs der du bor? Alle lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane kan tinge kurs av Sparebankstiftinga; det einaste vi treng er tak over hovudet og straum i stikkontakten. Vi set ei nedre grense på fem kursdeltakarar – oppover er det lokalet som set grensa. Send ein epost til [email href=”post@sparebankstiftinga.no”]post(at)sparebankstiftinga.no[/email] om du vil tinge kurs til din kommune eller har spørsmål om dette.

Kursa er gratis både for den lokale arrangøren og for deltakarane, og tek for seg korleis ein skriv gode søknadar både til Sparebankstiftinga og til hundrevis av andre fond, stipend og støtteordningar som finst her i landet. Alle lag og organisasjonar kan ha nytte av kurset, uansett fokusområde og tidlegare røynsle med å søkje støtte.