Første gåvetildeling kjem i påskeveka!

Første pulje av “forenkla søknad” får svar på søknaden på mail i løpet av påskeveka.

Frå 1. mars i år innførte vi som kjent ordninga med “Forenkla søknad”, kor dei som søkte om beløp under 10.000 kroner vart lova svar i løpet av ein månad. I tillegg fjerna vi søknadsfristen for “forenkla søknadar”, slik at det no er mogleg å søkje heile året, ikkje berre til søknadsfristane 1. mars og 1. september.

Ordninga har blitt ein stor suksess, og nesten halvparten av søknadane vi hadde mottatt innan 1. mars var i kategorien “forenkla søknad”. Men på grunn av den store saksmengda, vert altså svarfristen tøygd eit par dagar over den lova fristen… Arbeidet med å sende ut svar til dei første søkjarane byrjar mandag 2. april, og vi prøver å få ut tilbakemelding til alle søkjarane så fort vi berre klarer – så vi håper de kan bere over med oss…

I denne runda vil vi dele ut 236.000 kroner til 57 av dei ca. 300 søkjarane. Men dette beløpet vil jo auke jamnt og trutt ut over året, sidan ein ikkje lenger har søknadsfrist. Og hugs: Får du avslag i første omgang, kan du prøve på ny med ein gong… (i dei tilfella kan det kanskje løne seg å sjå om du kan forbetre søknaden med t.d. å vere tydelegare i kven søkjaren er og/eller kva du søkjer om, sjå over budsjettet om det gir eit korrekt og fullstendig bilete av tiltaket, evt. også leggje ved årsmelding, rekneskap eller annan relevant informasjon.) Og sjølv om du får ei gåve frå stiftinga, kan du søkje på ny – ein kan nemleg få gåver frå stiftinga inntil to gonger i året…

Svar på søknaden vert elles sendt til den mailadressa du registrerte deg med når du sendte inn søknaden. Det vert ikkje sendt melding på annan måte. Men alle tildelingar av gåvemidlar vil verte publisert på våre nettsider etter påske; på denne sida.

Det er elles generalforsamlinga i stiftinga som vedtek rammer for gåvemidlane, og sidan generalforsamlinga vert avvikla først 12. april, tek vi formelt atterhald om at generalforsamlinga faktisk avset pengar til gåvemidlar i år. Sjølve utbetalingane av gåvene vert då sett i gong snarast mogleg etter generalforsamlinga, slik at gåvemottakarane har dei på konto i løpet av siste halvdel av april.

Har du søkt “forenkla søknad” seinare enn 1. mars, kan du vente svar innan 1 månad frå den datoen du sendte søknaden. Då vert òg gåvebeløpet utbetalt snarast mogleg etter tilsagnsmailen.

For søknadar i kategorien “fullstendig søknad” er det 8 ukers handsamingstid som før, så desse søkjarane får svar kring 1. mai.