Gåvetildelingar våren 2012

No offentleggjer vi  kven som har fått gåver frå Sparebankstiftinga så langt i år.

Sparebankstiftinga har lagt ned ein svært grundig innsats i den vanskelege utvelginga av gåvemottakarar. Mellom anna med gode råd og tips frå Sparebanken Sogn og Fjordane, som har mange års (og mange millionars) røynsle med å tilbakeføre overskotet frå Sparebanken tilbake til dei som har skapt det. Denne oppgåva overtok som kjent Sparebankstiftinga i fjor. Men medan det våren 2011 var ca 580 søknadar om til saman 35 millionar, har vi så langt i år fått inn over 730 søknadar om til saman over 76 millionar kroner… så det seier seg sjølv at prioriteringa har vorte ganske mykje vanskeligare!

I denne omgang deler vi ut gåver på ca. 4,7 millionar kroner i kategorien «Fullstendig søknad». I tillegg har vi så langt delt ut ca. 250.000 i søknadskategorien «forenkla søknad». Denne søknadskategorien har fortløpande søknadsfrist, så dette talet vil jo stige jamnt og trutt etter kvart som søknadane kjem inn.

Dei komplette listene over gåvetildelingar i begge kategoriar vert lagt ut her på nettsidene våre i løpet av måndag 30. april, medan søkjarane får svar i dag 27. april. (men i papirutgåven av dagens Firda kan du sjå lista over tildelingar i kategorien «Fullstendig søknad»).

Glade gåvemottakarar: Sjå film og bilete med nokre av gåvemottakarane på Meirennbank.no

Saknar du svar på søknaden din?

Vi sender ut svar på alle søknadar til den same epost-adressa som du nytta når du la inn søknaden på søknadssida vår. Dersom du ikkje har fått svar på søknaden, er det berre å kontakte oss, så kan vi sjekke statusen på søknaden din. Men PS det kan vere lurt å sjekke spam-filteret/»Søppelpost»-mappa di før du ringer; det kan nemleg hende PC’en din har sortert ut mailen frå oss viss du har ei streng sikkerheitsinnstilling.