Ni fekk Furorestipend

Sidan Eldsjelsamlinga på Skei 28. september har vi vore rundt og overraska talentfulle ungdomar med sjekkar på 25.000 og 50.000 kroner. Gjett om det var moro!


Cedrik Fonn Skåre og Aud Julie Befring var dei første som fekk Furorestipend 2012.

Furorestipendet vert som kjent delt ut til ungdom (15-30 år) med framifrå talent innan sitt felt – anten det er idrett, kultur eller «open klasse». I år hadde juryen så mykje gode kandidatar å velgje mellom, og difor store problem med å knipe ned talet på stipend – så dei delte like godt ut heile ni stipend denne gongen. Her er for første gong den fullstendige oversikta over vinnarane (alder, aktivitetsområde og heimekommune i parentes bak namnet):

Cedrik Fonn Skåre (16 år; gocart/motorsport; Førde)
Line Dybedal (24; musikk (vokal); Selje)
Fredrik Høstaker (22; song/dans/drama; Førde)
Jantsen Øverås (17; vektløfting; Fjaler)
Kari Bergheim Hole (21; alpint; Førde)
Cecilie Aalberg (20; musikk (trompet); Eid)
Gjøran Tefre (18; langrenn; Førde)
Aud Julie Befring (26; design; Jølster)
Øyvind Strømmen Kjerpeset (21; friidrett; Flora)

Stipenda vart altså ikkje delt ut samla i år; i staden overrumpla vi dei inkje-anande vinnarane på ulike arrangement og arenaer ut over hausten. På denne måten fekk både vi og publikum ta del i gleda deira, noko som har vore heilt fantastisk for alle oss som har fått vere med. Takk til alle stipendvinnarane – og tvi tvi med vidare utvikling innanfor feltet dykkar – vi kjem til å følgje nøye med dykk vidare!

Juryen for Furorestipendet har i år som i fjor bestått av Terje Lyngstad (SoFT), Jo Inge Gåsvær (Førde Fotball), Torill G. Faleide (Førdefestivalen), Reiel Haugland (Sparebanken Sogn og Fjordane) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga).

Søknadsfrist for neste års Furorestipend er 15. Juni 2013.