Finalistane til “Barnegåva” er klare!

No kan du gå inn og stemme på kva barneteikning du ønskjer vi skal realisere i Førde sentrum!

“Barnegåva er ein konkurranse som går ut på at vi inviterer alle barn i Sunnfjord til å teikne ein installasjon som Sparebankstiftinga skal setje opp i Førde sentrum – les meir om det her.

Vi fekk inn 233 flotte teikningar til konkurransen, og no er det tid for å velge kven av dei som skal bli arbeidsteikninga for det som skal byggjast i parken ved Festplassen. Og det kan DU avgjere. Juryen har plukka ut 8 finalistar blant teikningane, som vi no inviterer publikum til å stemme blant. Stem HER!

“Barnegåva” er eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga, Førde kommune og Firda Media – og vinnaren vert naturlegvis annonsert i Firda…!