Hugs søknadsfristen 1. september!

Stiftinga førebur haustens store gåveslepp!

Det ser ut som at Sparebankstiftinga sine søknadsfristar 1. mars og 1. september byrjar å feste seg blant organisasjonslivet i fylket, og det er jo flott. Men ei påminning om å hugse å “kvesse søknadsblyanten” innan månadsskiftet kan likevel vere på sin plass.

Eit par viktige ting å hugse på:

– Ein MÅ sende inn søknad via søknadsportalen her på nettsida vår; vi har diverre ikkje høve til å ta imot søknad pr epost, brev, fax eller personleg oppmøte. Dette er for at vi skal bruke minst mogleg ressursar på administrasjon, slik at meir pengar kan gå til gåver – så vi voner at alle ønskjer å hjelpe oss med dette..!

– Søknadsskjemaet for “Fullstendig søknad” (altså der ein kan søkje om over 10.000 kroner) er opent TIL OG MED 1. september (skjemaet vert fjerna ved midnatt natt til 2. september).

– Budsjett er eit ABSOLUTT krav! Så legg du ikkje ved budsjett over tiltaket du søkjer pengar til – treng du eigentleg ikkje sende søknaden…

– Hugs på føremålet vårt når du skriv søknaden, og få fram DEN ALLMENNYTTIGE VERDIEN ved tiltaket du søkjer om gåve til!

For seint ute? Hugs at du kan sende inn “Forenkla søknad” (om gåvebeløp under 10.000 kroner) når som helst, heile året – og få svar i løpet av fire veker. Svar på “Fullstendig søknad” får du forresten etter ca 8 veker, til epostadressene du nytta når du registrerte søknaden.

Elles må du ha TVI TVI med tiltaket ditt – og hugs at det berre er å ta kontakt dersom du har spørsmål om søknaden!