“Årets Gründer” er i gong!

Sparebankstiftinga, NRK og Sparebanken Sogn og Fjordane kårer Årets Gründer, med 100.000 kroner i premie!

Vi vidarefører fjorårets samarbeid med Sparebanken og NRK Sogn og Fjordane, kor vi saman kårar den beste gründer-idéen i fylket.

Vi inviterer alle gründerbedrifter til å søkje; vilkåra er at

1) Verksemda må vere skipa i Sogn og Fjordane, eventuelt at skiparen er frå fylket

2) Verksemda må vere komen så langt at ho kan vise til noko inntekter

Vi har elles ikkje satt noko absolutt grense for kor gamal idéen kan vere, av di det er svært varierande kor lang tid verksemder treng på realisering. Men juryen ser etter dei verksemdene som er i ei satsingsfase – og som vil ha stor nytte av merksemda, anerkjenninga og sjølvsagt pengane til vidare satsing.

Konkurransen går ut på at ein jury først vil plukke ut fem finalistar som blir fyldig presentert på NRK Sogn og Fjordane sine sendingar og websider. Deretter vil publikum bli invitert til å stemme på sin favoritt blant finalistane – avstemminga vil gå føre seg på NRK Sogn og Fjordane si nettside. På bakgrunn av stemmeresultat vil juryen presentere ein vinnar på Temposeminaret i Florø 1. november. Kåringa vil òg bli overført “live” på NRK Sogn og Fjordane si radiosending.

Konkurransen var svært populær i fjor, og mønstra over 40 søkjarar; noko som syner at det verkeleg er eit godt gründermiljø i fylket. Vinnaren i fjor vart Highsoft Solutions i Vik. Dei leverer avanserte web-presentasjonar og grafikk, og har m.a. over halvparten av verdas 100 største verksemder på kundelista.

Søknadsfristen er 1. oktober, og ein sender inn ei presentasjon av si verksemd og forretningsidé til grunder@nrk.no