Stem på Årets gründer!

Juryen i konkurransen «Årets Gründer» har plukka ut seks finalistar. No kan du vere med og avgjere kven av dei som får premiepotten på 100.000 kroner – ver med og stem!


Fjorårets vinnarar, Highsoft Solutions

Som i fjor arrangerer vi konkurransen «Årets Gründer» saman med Sparebanken og NRK Sogn og Fjordane, og som i fjor inviterer vi publikum til å vere «tunga på vektskåla» for å avgjere kven av dei seks imponerande finalistane som får ta med seg 100.000 kroner og den gjæve tittelen «årets gründer 2013» heim frå Temposeminaret i Florø 1. november.

Heile 35 gründerbedrifter i fylket var påmelde før påmeldingsfristen. Med tanke på at konkurransen har krav om at bedrifta skal kunne vise til salsinntekter og at idéen er levedyktig, er dette ei flott auke frå fjorårets 30 påmelde. Og framfor alt syner dette at det ikkje skortar på gode idéar og satsingsvilje i fylket.

Juryen har plukka ut seks kandidatar som vert fyldig presenterte på NRK Sogn og Fjordane i desse dagar. Her er finalistane:

Askvoll Sjømat og Delikatesser

Paneda DAB

Digital Etikett

Melin Medical

Rocketfarm

Norsk Bergsikring

(klikk på namna for å kome til heimesida)

Du kan stemme på din kandidat fram til 30. oktober ved å klikke HER (sjå nedst på sida).

Juryen for «Årets gründer» består av Arvid Andenæs (Sparebanken Sogn og Fjordane), Halvor Flatland (Innovasjon Norge) og Aud Melås (Flåmsbrygga hotell/Ægir bryggeri).