Årets gründer heiter Melin Medical AS!

Vinnaren av tevlinga Årets Gründer vart kåra på Temposeminaret i Florø fredag 1. november, og Melin Medical i Gloppen fekk 100.000 kroner. Dessutan vart det kåra to ekstrapremiar som fekk 50.000 kroner kvar.

Melin Medical vart 1. november kåra til «Årets Gründer» på direktesendt radio under Temposeminaret i Florø. Det vekte sjølvsagt både begeistring og beundring for den satsinga og verdiskapinga opphavsmann Jesper Melin no fekk sin velfortente applaus og premien på 100.000 kroner for. I tillegg til vinnaren, fekk to av dei andre finalistane, Digital Etikett og Askvoll Sjømat og Delikatesser ein sjekk på 50.000 kroner kvar.

Men juryen skulle så gjerne delt ut fleire sjekkar. Mange fleire. Og dette er jo heile meininga med tevlinga: Å gi ein velfortent applaus til alle dei som satsar på nye næringar. Og gi dei rampelyset for ein dag, gjerne etter årevis med einsam kamp for å utvikle produkt, finansiere satsinga, etablere, tilsetje, marknadsføre, organisere – skape verdiar. Byggje fylket. Dei skulle berre hatt så mange fleire dagar med rampelys, gåvesjekkar og applaus.

Tevlinga har òg ein misjon om å setje fokus på gründergjerninga – og kanskje jamvel skape fleire gründerar. Fylket vårt har mange av dei allereie, men det bur ein i oss alle – så ta han fram! I alle fall denne eine dagen i året. Så er det ikkje sikkert at Melin Medical er den beste gründeren i fylket så veldig lenge.

Og den dagen du treng hjelp, trur eg du blir overraska over kor mange som er positive til å hjelpe. Samtlige av arrangørane av denne tevlinga hjelper deg i alle fall gjerne med det vi kan.

 

Her er juryen si grunngjeving:

Årets grunder har sin kunnskap frå eit relativt tradisjonelt og konservativt fagfelt, men har  vist ein imponerande evne og vilje til å tenke nytt og til å prøve ut nye måtar å gjere ting på – eit godt utgangspunkt for ein grunder – og dette var også kimen til at denne bedrifta starta opp..

Årets grunder representerar en stor ressurs for fylket vårt, både ift arbeidskapasitet og pågangsmot men og ift bransjekunnskap og nettverk. Dei  har gått frå å vere ei lita bedrift til å bli ein synleg næringsaktør både i fylket mtp arbeidsplassar og verdiskaping, og for alle rundt om i landet som nyttar deira betalingsløysinga – denne forenklar arbeidsoppgåver og reduserer tidsbruk for mange kvar dag!

Årets grunder har med sitt forretningskonsept effektivisert helsevesenet på forbilledleg vis, ein sektor som treng innovasjon og fornying! Dei har òg mange planar ift vidareutvikling og ser store marknadsmuligheiter. Juryen er imponert over det årets grunder har fått til så langt og ventar spent på fortsettelsen.

Årets Gründer i Sogn og Fjordane er Melin Medical AS og Jesper Melin.

 

Tilleggspremiane:

Digital Etikett AS har tatt sats inn i ein ny bransje og etablert ei verksemd med framtidsretta teknologi. Dei har skunda seg sakte og bygd stein på stein. Dei hadde aldri lukkast dersom dei skulle tenkt tradisjonelt i ein bransje der større aktørar dominerar. Digital Etikett har lytta til kva marknaden spør etter og tilpassa produksjonen til dette. Gjennom samarbeid ønskjer bedrifta no å vekse vidare og kapre nye marknadsandelar.

Digital Etikett satsar i ein nisjemarknad. Dei legg vekt på fleksibel produksjon og at ein må snu seg rundt kjapt. Dei kan få inn ein ordre i 9-tida og sende den ut i 14-tida same dag. Og har auka omsetninga på 6 år frå nokre hundre tusen til 16 millionar kroner. Delt andreplass i kåringa av årets grunder i Sogn og fjordane går difor til Digital Etikett og grunder Kjetil Hovland.

 

Askvoll Sjømat og Delikatesser er gode ambassadørar for kommunen sin og ei viktig brikke i omdømmebygginga i ein region som treng nettopp dette.  Dei har også engasjert seg ut over eiga verksemd med delta aktivt i fleire omstillingsprosjekt, delta i grundernettverk  og bidra med sin kompetanse  og sine erfaringar over for andre som ønskjer å starte bedrift i kommunen.

Dette er eit svært godt døme på ungdomar som satsar alt på sin ide.  Alt av kapital og arbeidsinnsats er lagt ned i verksemda og oppbygging av eit gamalt ærverdig hus dei siste tre år.  Dette står i dag som det synlege beviset på innsatsen og den modige satsinga på noko så spesielt som ein delikatessebutikk i Askvoll.  I BT Magasinet stod det følgjande: «Tre kokker flyttet frå Oslo til Askvoll for å selge delikatesser  til bygdefolket.  Det ble et eventyr!»

Juryen trur dette berre er starten på eit endå større eventyr og gir delt andreplass i kåringa av årets grunder går til Helge, Eirik og Inger Johanne i Askvoll Sjømat og Delikatesser.