Søknadskurs i Førde onsdag 7. januar

Gratis kurs i søknadsskriving i regi av musikk-organisasjonen Brak

Våre kurs i søknadsskriving har vore svært populære – og effektive, skal vi tru tilbakemeldingane frå tidlegare deltakarar: Over halvparten fortel at kursa har hjelpt dei til å hente inn meir pengar til verksemd i lag og foreningar.

Denne gongen er det musikk-organisasjonen Brak som står for kurset. Dei vil dermed supplere kursinnhaldet med informasjon om fond og støtteordningar som er særleg interessante for dei som syslar med musikk; både som lag, utøvar, produsent eller utgivar. Men Sparebankstiftinga sitt bidrag går i hovudsak ut på korleis ein søknad generelt bør formulerast, uansett kva fagområde ein syslar med. Kurset vil dermed vere relevant for alle som har planar om å hente inn pengar til verksemda. Sparebankstiftinga har naturlegvis hatt lag og foreningar mest i tankane når kursinnhaldet vart utforma, men gründerar og andre næringsdrivande som har planar om å generere midlar til verksemda har òg fortalt at dei finn kurset relevant.

Kurset går av stabelen på Scandic Sunnfjord Hotell (tidlegare Rica Sunnfjord) klokka 1700-2100 onsdag 7. januar og er gratis. Påmelding via Brak si heimeside. Påmeldingsfrist 5. januar.

 

Ønskjer du eit søknadskurs der du bur? Kontakt oss – alt du treng er eit lokale med plass til min. 20 menneske, så stiller Sparebankstiftinga med resten. Kurset må òg vere tilgjengeleg for andre (så langt det er plass).

Hjelper søknadskurset? I 2013 spurte vi våre kursdeltakarar om dette; 54% svarte at kurset var «veldig bra», medan 21% gav kurset toppkarakter. 51% svarte dessutan at kurset hadde ført til meir støttemidlar inn til laget/verksemda.