Dagsturhytter i heile Vestland!

No blir det dagsturhytter i heile Vestland fylke!

 

Vår satsing på dagsturhytter i heile Sogn og Fjordane har vore ein dundrande suksess, og i skrivande stund har dagsturhyttene hatt eit besøk som tilsvarar 2,5 ganger befolkninga i Sogn og Fjordane! Media har òg skrive svært mykje om satsinga; vi har faktisk passert over 500 presseoppslag så langt!

Resultata og merksemda har ikkje unngått “sør-fylket” heller, og nyleg vedtok Hordaland fylkeskommune å sette av 2 millionar kroner til å starte utbygging av dagsturhytter i Hordaland. I første omgang blir det bygd 10 hytter; deretter vil vi sjå kor mange kommunar som ønskjer ei dagsturhytte i sin kommune. Men vi er budde på at alle kommunane vil delta i prosjektet, og i så fall kan det bli 33 nye dagsturhytter. I tillegg er det opna for at Bergen kan få inntil to ekstra hytter; slik at vi kan komme opp i 35 hytter.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har i samband med utbygginga sagt ja til å bidra med gåvemidlar; men med noko lågare bidrag sidan Hordaland ikkje er vårt kjerneområde: Vi stiller med inntil 3,5 millionar kroner til prosjektet. (Dagsturhyttene er vår gåve i samband med fylkessamanslåinga, men Sogn og Fjordane vil fortsatt vere vårt kjerneområde sjølv om fylkesgrensene endrar seg.)

Elles er status for dagsturhyttene i Sogn og Fjordane at alle 26 hyttene no er sett opp (sjølv om ikkje alle er offisielt opna i skrivande stund), så det er berre å spenne på seg fjellskoa, uansett kvar i fylket du er – sjå oversikt over dagsturhytter med kart, turløyper, parkering og annan praktisk info på www.dagstuhytta.no 

Dagsturhytta Gulakvila i Gulen (foto: Magnar Egil Øren Gangsø)