Første DRIV-pris til Corvus Energy

DRIV-prisen er eit initiativ frå Sparebankstiftinga/Sparebanken Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Energi, og vert utdelt i samarbeid med Innovasjon Norge, Høgskulen på Vestlandet og Hordaland fylkeskommune.

Prisen går til innovasjon som bidreg til “det grøne skiftet” i Vestland fylke, og det var altså Corvus Energy frå Bergen som stakk av med førsteplassen det aller første året. Corvus Energy er godt i gong med å produsere energilagringsløysingar til maritim sektor, noko som gjer at utsleppa frå båtar og skip vil gå drastisk ned i åra framover. Førstepremien er på 200.000 kroner.

Andreplassen gjekk til Bergen Carbon Solutions, Dei har utvikla ein måte å produsere karbon-nanofiber av CO2, og bidrar dermed til å redusere CO2-nivået samstundes som dei produserer eit materiale som er sterkare enn stål, lettare enn plast og ledar straum betre enn kobbar.

Evoy frå Florø fekk 3. plassen. Dei lagar elektriske framdriftssystem for båtar (“Sjøens Tesla”), i første omgang for nyttefartøy; men har òg ambisjonar om å tilby el-båtar for fritidsbruk.

Juryen understreka at alle tre ville vore verdige vinnarar av prisen, men peikte på at vinnaren er komen noko lenger i kommersialiseringa av sitt konsept.

Juryen har elles bestått av Trond Teigene (SSF), Johannes Rauboti (SFE), Berit Rokne (HVL), Bård Sandal (Hordaland/Vestland fylkeskommune) og Nina Broch Mathisen (IN).

Les meir om prisutdelinga her.