Over 200 lag, organisasjonar og prosjekt har til saman fått 33 millionar gåvemidlar i 2019. Gåvene kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Frivillige lag og organisasjonar er den soleklare «vinnaren» i høve gåvetildelingar, både i år og over tid. år, men også utdanning og fellesløft for næringslivet i fylket får ein god del av gåvemidlane, seier direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Hallvard Klakegg.

Sjølv om det er rekordhøge gåvetildeling, er framleis samla søknadsbeløp vesentleg større enn rammene Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har til gåveutdeling
I år har Sparebankstiftinga har motteke søknader for over 120 millionar kroner. Stiftinga har klart å etterkomme om lag 30% av søknadane heilt eller delvis, noko som er på linje med mange andre støtteordningar.
– Sparebankstiftinga klarer naturleg nok ikkje å imøtekomme alle søknader, og det er alltid vemodig for oss å gje avslag på søknader. Vi bistår søkjarar med både kurs og rettleiing slik at kvaliteten i søknaden blir best mogeleg. På denne måten står lag og organisasjonar betre rusta til å prøve også andre finansieringskjelder når våre gåvemidlar ikkje strekk til, seier Klakegg.

 

Blir til 200 millionar kroner
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane arbeider målbevist for å gi gåvemidlane på ein slik måte at dei utløyser meir private midlar, dugnad og/eller offentleg støtte. Dette har ein lukkast godt med, og stiftinga sitt anslag er at årets 33 millionar i gåver har bidratt til å utløyse over 200 millionar kroner.
– Mykje av dette er nasjonale midlar som Sogn og Fjordane ikkje hadde fått ein del av dersom ein ikkje hadde fått delfinansiering frå lokale kjelder. På denne måten mangedoblar Sparebankstiftinga krafta av sitt bidrag, seier Klakegg.

1. mars
Neste søknadsfrist er 1. mars. Sparebankstiftinga oppmodar søkjar om å legge nok arbeid i å utforme ein god og grundig gåvesøknad. Ta kontakt om du har spørsmål eller lurer på noko.

Sjå her kven som har fått gåver i 2019