Kunnskap i tillegg til kroner

Ønskjer du å styrkje kompetansen i laget ditt, til dømes i samband med eit prosjekt de jobbar med? Då kan du merke deg namnet Prosperastiftelsen.

Vi i Sparebankstiftinga erfarer med jamne mellomrom at det ikkje berre er pengar som trengst for å gjennomføre samfunnsnyttige tiltak; men at det er like viktig å tilføre organisasjonar kunnskap og kompetanse om utfordringane dei står ovanfor. Difor vart vi veldig interesserte når vi høyrte om Prosperastiftelsen, ei allmennyttig stifting som gir lag og organisasjonar topp kompetanse i staden for pengar.

Prosperastiftelsen har over 1200 frivillige konsulentar over heile landet, mange av dei ekspertar på sine felt. Når Prosperastiftelsen tar opp eit prosjekt, sett dei saman eit team med konsulentar som jobbar gratis for den aktuelle organisasjonen, vanlegvis i 3 månadar. Dermed får organisasjonane tilført kompetanse som dei elles måtte betale for, og får høve til å gå laus på enda meir utfordrande oppgåver enn elles.
Prosperastiftelsen tilbyr òg ei rekkje verktøy og ressursar som kan vere nyttige for lag og organisasjonar, til dømes denne “Kokebok for berekraft i ideelle organisasjonar”.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ga i februar Prosperastiftelsen ei gåve på 180.000 kroner, slik at dei kan hjelpe organisasjonar også i Sogn og Fjordane med særleg krevjande utfordringar i 2022.

Dersom du har eit prosjekt du ønskjer hjelp frå Prosperastiftelsen til, kan du ta kontakt med oss i stiftinga sin administrasjon.