Flott auke i søknadar

Mange frivillige lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane søkjer naturleg nok oss i Sparebankstiftinga om midlar i forkant av sine planlagte aktivitetar. Antalet søknadar vi får inn er dermed “kanarifuglen i gruva” som varslar om det generelle aktivitetsnivået i frivillig sektor i dei kommande månadane. Difor er det gledeleg å sjå at antalet innkomne søknadar er tilbake på nivået frå før korona-pandemien la ein dempar på aktiviteten i laga.

I tillegg heva vi som kjent beløpsgrensa for “forenkla søknad” (der ein kan søkje fortløpande og få svar innan fire veker) frå 10.000 til 30.000 kroner i fjor, slik at vi kan respondere raskare og slik bidra meir effektivt til å få opp aktivitetstilbodet i frivillig sektor. Her har det òg vore ei auke i antal søknadar. Også i tildelte beløp har det vore ei flott auke her: allereie i midten av mars i år hadde vi tildelt meir pengar til “forenkla søknadar” enn i eit heilt år med den gamle beløpsgrensa.

Vi ser òg at tildelingsprosenten også går oppover jamnt og trutt; altså at det er fleire av dei som søkjer som får gåve. Det skuldast både at stiftinga over tid får meir midlar til utdeling, og at lag og organisasjonar blir stadig flinkare til å søkje om midlar. Dette har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane jobba for i ti år, så vi jublar for begge delar!

Så kryssar vi fingrane for at auken i både søknadar og tildelingar fortsett vidare i tida framover!

 

(Foto: Haugen Skulemusikk)