Stor tiltakslyst i frivillig sektor gir rekordtildeling

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har rekordhøg gåvetildeling i 2022 med over 40 millionar kroner. Gåvene blir tildelt allmennyttige tiltak i Sogn og Fjordane. Over 300 ulike aktivitetar og tiltak innan frivillig arbeid, utdanning og overordna næringsutvikling har fått støtte frå Sparebankstiftinga dette året. I 2021 var samla gåvetildeling 28 millionar kroner.
-Vi var spente på korleis pandemien hadde påverka frivilligheit i Sogn og Fjordane. Difor er det svært gledeleg at vi gjennom året har mottatt mange søknader om gåvemidlar frå frivillige lag og organisasjonar. Det vitnar om at det er stor tiltakslyst i frivillig sektor i Sogn og Fjordane, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Han legg til at Sparebankstiftinga syns det er ekstra gledeleg med rekordhøg tildeling i 2022, som er frivilligheita sitt år.

Ein trend uroar
Sjølv om aktiviteten i frivillig sektor har tatt seg godt opp igjen, viser nasjonale undersøkingar at fleire lag og organisasjonar opplever medlemsfråfall og utfordringar med å rekruttere til frivillige verv. Den same trenden ser Sparebankstiftinga i dialog med frivillig sektor i Sogn og Fjordane. – Vi er spent på korleis utviklinga blir framover. Nye vanar under pandemien og trenden med at fleire prioriterer eigenorganisert aktivitet framfor deltaking i lag og organisasjonar er ei utvikling som uroar oss litt, seier Klakegg.
Sparebankstiftinga legg stor vekt på å stimulere til frivillig arbeid, og ønskjer difor at det er god dugnadsinnsats i prosjekta som får tildelt gåvemidlar.
-Frivillig sektor er limet i lokalsamfunna våre. Ingen er betre til å skape aktivitet, samhald, integrering, trivsel og bulyst enn summen av frivillige lag og organisasjonar. Difor har organisasjonar med høg aktivitet, brei involvering og stor dugnadsinnsats prioritet når gåvemidlar skal tildelast, seier Klakegg.

Lang tradisjon
I 2022 er det 200 år sidan første sparebank vart etablert i Norge, og 180 år sidan første sparebank vart oppretta i Sogn og Fjordane. Førde Sparebank vart stifta i 1842. Gåver til allmennyttige tiltak frå overskotet til sparebankane er dermed ein svært lang tradisjon. – Sparebankideen er ein god forretningside som står seg svært godt, også 200 år etter at den første sparebanken vart stifta. Vi opplever at sparebanksektoren i Norge står sterkt, kanskje sterkare enn nokon gang, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane. Sparebankstiftinga er hovudeigar i Sparebanken Sogn og Fjordane, og det er frå overskotet i banken stiftinga delar ut gåver. – For oss i banken er det svært meiningsfullt at ein stor del av overskotet frå bankdrifta går tilbake til allmennyttige tiltak i Sogn og Fjordane, seier Teigene.

Viktig samfunnsoppdrag
Å stimulere til frivillig innsats er eit viktig samfunnsoppdrag for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forventar om lag same rammer for gåvetildeling i 2023. Neste søknadsfrist er 1. mars 2023. Søknader om inntil 30.000 kroner kan sendast fortløpande -Vi håpar lag og organisasjonar sparkar i gang nye aktivitetar og prosjekt i 2023. Alle frivillige lag og organisasjonar er velkomen til å søkje Sparebankstiftinga om gåvemidlar, avsluttar Klakegg

Her finn du alle gåvetildelingane i frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane i 2022